§ 9-66 — endringshistorikk

Opplæringsforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-66. Ny fag- eller sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve

Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, har kandidaten rett til å bli meldt opp til ei ny prøve.

Lærebedrifta skal sørgje for oppmelding for dei som har hatt læretid i bedrift. Fylkeskommunen skal sørgje for oppmelding for dei som har hatt opplæring i skole. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje dei kostnadene lærebedrifta har i samband med gjennomføringa.

Dersom kandidaten får godkjent forlenging av lærekontrakt eller ny lærekontrakt i lærefaget, eller får tilbod om meir opplæring i lærefaget av fylkeskommunen, gjeld ikkje avgrensinga om berre ei ny prøve etter første ledd. Den gjeld heller ikkje der ein lærekandidat eller praksisbrevkandidat får godkjent forlenga eller ny opplæringskontrakt.

Første og andre ledd gjeld ikkje for praksiskandidatar. Praksiskandidatar kan melde seg opp til ny prøve tidlegast seks månader etter den førre prøva. Dei må sjølve melde seg opp til ny prøve og betale ny prøveavgift.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184 .

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-06-23 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0764
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2026-06-22
Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta.
§ 9-66 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:
Ny tekst
Den gjeld heller ikkje der ein lærekandidat eller praksisbrevkandidat får godkjent forlenga eller ny opplæringskontrakt.