Endringshistorikk: forskrift/2024-06-03-900

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend, gruppert per paragraf. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Dette er kildebestemmelser, ikke en fullstendig endringshistorikk eller verifiserte historiske paragrafversjoner.

De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.

📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2024-06-03-900 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg

Paragrafer med endringer:

Endringshistorikk: forskrift/2024-06-03-900

§ 1-9

Registrert dato: 2026-08-01 — forskrift/2026-02-18-235

§ 1-9 andre ledd bokstav b skal lyde:

arbeidslivsfag.

§ 2-2

Registrert dato: 2026-08-01 — forskrift/2026-03-20-443

§ 2-2 skal lyde:

§ 2-2.Gratis skolefritidsordning for elevar på 1. til 3. trinn

I organiseringa av retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd, kan kommunen ikkje rekne om dei tolv timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke.

Retten til gratis skolefritidsordning etter opplæringslova § 4-5 andre ledd gjeld også dersom kommunen tilbyr skolefritidsordning i skoleferiane.

Kommunen skal gi foreldra tilbod om å fordele dei tolv timane på alle dagane kommunen til vanleg har eit tilbod om skolefritidsordning, så langt det er praktisk mogleg. Dette gjeld ikkje ved tilbod om skolefritidsordning i skoleferiane.

Kommunen kan krevje betaling for kost.

§ 4-2

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 4-2 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Dei som gjer omval og dei som forserer fag, har rett til opplæring også i dei faga som allereie er bestått.

§ 4-3

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 4-3 andre ledd andre punktum skal lyde:

Fristen må vere minst ei veke etter det siste av tidspunkta for fastsetjing av standpunktkarakter og sensur av ordinær eksamen i faget.

§ 4-6

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 4-6 andre ledd skal lyde:

Fylkeskommunen kan fastsetje at inntak til yrkesfaglege utdanningsløp som fører fram til både yrkeskompetanse og studiekompetanse, og til utdanningsløp som fører fram til praksisbrevprøve, skal fordelast etter poeng og intervju.

§ 4-9

Registrert dato: 2026-08-01 — forskrift/2026-01-28-107

§ 4-9 sjette ledd skal lyde:

Fylkeskommunen har plikt til å ha inntak til vidaregåande trinn 1, trinn 2 og trinn 3 for søkjarar som etter søknadsfristane flyttar til eller frå eit tiltak utanfor heimen med heimel i barnevernsloven. Det same gjeld dei som kjem tilbake til Noreg etter ufrivillig utanlandsopphald. Fylkeskommunen har i tilfelle som nemnt i første og andre punktum også plikt til å ha inntak for søkjarar etter at skoleåret har starta, når dette er forsvarleg. Plikta til inntak etter dette leddet gjeld så langt fylkeskommunen tilbyr det aktuelle utdanningsprogrammet eller programområdet og har kapasitet på det. Søkjarar kan takast inn til eit anna utdanningsprogram eller programområde etter ei konkret vurdering.

§ 4-19

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 4-19 andre ledd første punktum skal lyde:

Poengsummen til søkjarar som har vitnemål frå førebuande opplæring for vaksne etter § 15-26, skal reknast ut etter første ledd bokstav a.

§ 5-2

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

§ 5-2 andre ledd skal lyde:

Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.

§ 5-8

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

§ 5-8 første og andre ledd skal lyde:

Privatistar som melder seg til eksamen i det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå II. Det same gjeld privatistar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn.

Privatistar som melder seg til eksamen i eit nytt framandspråk, kan velje om dei vil ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I eller framandspråk fellesfag nivå II.

§ 6-12

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 6-12 skal lyde:

§ 6-12.Unntak frå godskrivingsreglane

Fylkeskommunen kan ved særlege fagkombinasjonar og andre særlege tilfelle godskrive tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis utover det reglane i § 6-7 til § 6-11 opnar for, når ei fagleg vurdering viser at reglane vil gi eit urimeleg resultat.

§ 6-18

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 6-18 første ledd skal lyde:

For å inngå avtale om lærekontrakt eller tilskot etter opplæringslova § 7-2 og § 7-8, eller bistå lærebedrifter med opplæring, må eit samarbeidsorgan for lærebedrifter ha godkjenning av fylkeskommunen som må meine at samarbeidsorganet bidrar til å sikre kvaliteten i opplæringa.

§ 6-22

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

§ 6-22 første ledd skal lyde:

Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.

§ 9-8

Registrert dato: 2025-08-01 — forskrift/2025-02-18-234

§ 9-8 skal lyde:

§ 9-8.Fråværsgrense i vidaregåande skole

Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag.

Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er:sjukdom eller andre helseforholdvelferdsforholdandre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18lovpålagt oppmøtearbeid som tillitsvaldpolitisk arbeidhjelpearbeidtryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2.representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell.

Rektor sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 9-1.

§ 9-9

Registrert dato: 2026-08-01 — forskrift/2026-06-22-1213

§ 9-9 femte ledd skal lyde:

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at fråvær blir dokumentert kvart halvår. Dersom eleven er hos skolehelsetenesta, skal det ikkje bli rekna som fråvær frå opplæringa etter kapittel 9 i denne forskrifta.

§ 23-9 blir oppheva.

§ 9-15

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

§ 9-15 første ledd skal lyde:

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 9-1.

§ 9-16

Registrert dato: 2026-01-01 — forskrift/2025-09-07-1787

§ 9-16 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.

I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36–§ 9-38. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

§ 9-16 sjette ledd blir femte ledd, sjuande ledd blir sjette ledd.

§ 9-28

Registrert dato: 2026-01-01 — forskrift/2025-09-07-1787

§ 9-28 andre ledd skal lyde:

Kven som er trekte ut til skriftleg eksamen i grunnskolen eller til eksamen i vidaregåande skole, skal gjerast kjent for elevane på ein dato som Utdanningsdirektoratet fastset. Kven som er trekte ut til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen i grunnskolen, skal gjerast kjent for elevane to dagar før eksamen og ikkje mindre enn 48 timar før første kandidat skal ta eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal gjennomførast på verkedagar.

§ 9-31

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

§ 9-31 femte ledd skal lyde:

På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.

§ 9-33

Registrert dato: 2026-01-01 — forskrift/2025-09-07-1787

§ 9-33 tredje ledd skal lyde:

Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

§ 9-46

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 9-46 andre ledd skal lyde:

For å få vitnemål må ein ha bestått alle nødvendige fag og eksamenar i samsvar med læreplanverket. Dette gjeld likevel ikkje fordei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 eller § 9-40.

§ 9-48

Registrert dato: 2025-08-01 — forskrift/2025-06-20-1179

§ 9-48 andre ledd ny bokstav e skal lyde:

dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 9-48 andre ledd skal lyde:

Det er berre dei som har bestått alle relevante fag og eksamenar, som kan få fag- og sveinebrev og praksisbrev. Dette kravet gjeld likevel ikkje fordei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 5-9dei som er fritatt frå opplæring i kroppsøving etter § 5-10dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 eller § 9-21 til § 9-23dei som fell inn under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 9-49dei som har fått dispensasjon etter § 9-10 og § 9-40dei som har bestått språkfag i svensk eller dansk som kan sidestillast med kravet til norsk.

§ 9-52

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 9-52 fjerde ledd skal lyde:

Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

§ 9-53

Registrert dato: 2025-08-01 — forskrift/2025-02-18-234

§ 9-53 skal lyde:

§ 9-53.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Det skal førast fråvær i dagar og enkelttimar på vitnemålet og kompetansebeviset i vidaregåande opplæring. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til dagar.

Fylkeskommunen kan avgjere om fråværet til elevar som følgjer opplæringa i mindre enn eit fullstendig utdanningsprogram, skal førast i dagar og timar eller berre i timar.

Ein elev kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset.

Ein elev kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom det blir lagt fram slik dokumentasjon som er nemnd i § 9-8 andre og tredje ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet eller kompetansebeviset, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. Dersom ein elev har ein dokumentert høgare risiko for helserelatert fråvær, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen.

§ 9-56

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 9-56 tredje ledd siste punktum skal lyde:

Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67, eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69.

§ 9-66

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 9-66 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:

Den gjeld heller ikkje der ein lærekandidat eller praksisbrevkandidat får godkjent forlenga eller ny opplæringskontrakt.

§ 9-69

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 9-69 siste ledd skal lyde:

Dersom fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva til ein kandidat blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten få meir opplæring og gå opp til ny prøve tidlegast eitt år etter at prøva blei annullert.

§ 10-5

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 10-5 andre ledd skal lyde:

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn om saksbehandlinga og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 9-7, til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt i samråd med faglæraren.

§ 12-1

Registrert dato: 2024-08-01 — forskrift/2024-06-17-1048

Ny § 12-1 skal lyde:

§ 12-1.Krav til pedagogisk utdanning for å bli tilsett i lærarstilling

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei som blir tilsette i lærarstilling, har pedagogisk utdanning i samsvar med krava i forskrifter om rammeplanar for lærarutdanningane, eller at dei har tilsvarande pedagogisk utdanning.

§ 12-13

Registrert dato: 2024-08-01 — forskrift/2024-06-17-1048

§ 12-13 nytt fjerde ledd skal lyde:

Dei som ikkje oppfyller kravet om pedagogisk utdanning, jf. § 12-1, kan likevel tilsetjast i lærarstilling dersom dei var fast tilsette i ei lærarstilling i grunnskolen eller vidaregåande skole 1. august 2024, og kommunen eller fylkeskommunen vurderer at dei har tilsvarande pedagogisk kompetanse.

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 12-13 nytt femte ledd skal lyde:

Dei som har lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, kan tilsetjast på lik linje med dei som har faglærarutdanning.

§ 13-6

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 13-6 andre ledd skal lyde:

Reglane i § 6-3, § 6-4 og § 7-2 gjeld ved formidling av vaksne til læreplass.

§ 14-1

Registrert dato: 2024-08-01 — forskrift/2024-06-17-1048

§ 14-1 nytt tredje ledd skal lyde:

Dersom det blir gitt førebuande opplæring etter opplæringslova § 9-7, vel kommunen og fylkeskommunen om opplæringa skal bli gitt etter modulstrukturerte læreplanar for vaksne, jf. opplæringslova § 19-1, eller læreplanane som gjeld for grunnskoleopplæringa, jf. opplæringslova § 2-3.

§ 15-5

Registrert dato: 2026-06-22 — forskrift/2026-06-22-1184

§ 15-5 andre ledd andre punktum skal lyde:

Kommunen og fylkeskommunen kan velje å gjennomføre vurderinga på andre språk enn norsk, samisk eller norsk teiknspråk.

§ 15-20

Registrert dato: 2026-01-01 — forskrift/2025-09-07-1787

§ 15-20 skal lyde:

§ 15-20.Eksamensformer, tidsramme og trekk av vaksne deltakarar til eksamen

Deltakarar i førebuande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for grunnskolen i § 9-28. Deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne følgjer reglane om trekk for vidaregåande skole i § 9-28. Reglane i § 9-28 gjeld elles for vaksne deltakarar og vaksne privatistar så langt dei passar. Reglane gjeld også for læreplanar i modular.

§ 15-21

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 15-21 første ledd skal lyde:

Reglane om talet på eksamenar i § 9-29 første ledd, § 9-30 og § 9-31 gjeld for vaksne deltakarar i førebuande og vidaregåande opplæring for vaksne.

§ 15-26

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 15-26 andre ledd første punktum skal lyde:

Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i avsluttande modular.

§ 15-29

Registrert dato: 2025-09-29 — forskrift/2025-09-29-1988

§ 15-29 første ledd skal lyde:

Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.

§ 23-10

Registrert dato: 2026-08-01 — forskrift/2026-02-18-235

Ny § 23-10 skal lyde:

§ 23-10.Overgangsregel for krav om å tilby arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn

I staden for arbeidslivsfag kan kommunen fram til 1. august 2027 velje å tilby minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk.

(annet)

Registrert dato: 2024-11-01 — forskrift/2024-11-01-2626

Nytt tredje ledd i § 23-7 skal lyde:

Dei som var deltakarar i forsøk med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne, og som har fått godkjent alle nødvendige modular etter forsøkslæreplanane eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 innan 31. juli 2025, treng ikkje bestå ein skriftleg eksamen før dei tar fag- eller sveineprøva. Dei som skal ta fag- eller sveineprøva i lærefag der det i forsøket var eit krav om kunnskapstest før oppmelding, må bestå ein slik test før dei tar prøva.

Registrert dato: 2025-04-02 — forskrift/2025-04-02-575

Overskrifta til § 15-16 skal lyde:

§ 15-16.Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka