Opplæringsforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Lærebedrifta skal melde opp ein som har læretid i bedrift til fag- eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Skolen skal melde opp elevar til fag- eller sveineprøva.
Oppmeldinga av dei som har læretid i bedrift skal sendast til den fylkeskommunen der kontrakten om opplæring er godkjend, seinast innan to månader før kontraktstida er ute. Oppmeldinga av elevar skal sendast til fylkeskommunen der skolen ligg.
Praksiskandidatar må sjølve melde seg opp til fag- eller sveineprøva til fylkeskommunen innan den fristen som fylkeskommunen fastset. Praksiskandidatane skal betale ei prøveavgift til fylkeskommunen. Prøveavgifta blir fastsett ved dei årlege budsjettvedtaka i Stortinget. Dei skal ikkje betale for utsett prøve etter § 9-67 , eller for ny prøve ved medhald i klage på bortvising eller annullering etter §§ 9-68 og 9-69 .
Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.