§ 2-2 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til høgare utdanning

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-2. Utanlandsk utdanning

(1) Søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk når den vidaregåande utdanninga gir generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskular i dei respektive landa.

(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, sjå også åttande ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk med éi av desse prøvene: Norskprøver: Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring. Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta. Bestått årskurs i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar. Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat. Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delprøver, jf. lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (Integreringslova) § 37 . Frå og med opptak til studieåret 2023–2024 kan kunnskapar i norsk også dokumenterast med en av følgjande kombinasjonar av prøvedelar: Bestått eller betre resultat i munnleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med avsluttande prøver i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum nivå B2 som resultat i alle tre delprøver. Bestått eller betre resultat i skriftleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med delprøve i munnleg kommunikasjon frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum B2 som resultat. Engelskprøver: Faget Engelsk frå norsk vidaregåande skule (140 timar) Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med Minst 60 poeng på TOEFL iBT, eller Minst 60 poeng på TOEFL iBT Home Edition, eller Minst 500 poeng på papirbasert test International English Language Testing Service (IELTS) Academic test eller Online academic test med overall Band Score på minst 5,0 eller betre Cambridge ESOL Examinations First certificate in English, eller Certificate in Advanced English, eller Certificate of Proficiency in English Pearson PTE Academic eller Academic online med overall score på minst 51 The European language certificate (telc) English B2, eller English B2-C1 University, eller English certificate på C1-nivå University of Michigan, Michigan Language Assessment Certificate og Proficiency (ECPE) Certificate of Competency in English (ECCE) Fullført og bestått eitt år i vidaregåande skule eller høgare utdanning frå Australia, Canada, Irland, New Zealand, Storbritannia eller USA, der undervisningsspråket har vore engelsk. Fullført og bestått 60 studiepoeng i engelsk språk og litteratur frå universitet eller høgskule. Fullført og bestått engelskspråkleg mastergrad.

(3) Søkjarar som har fullført utanlandsk vidaregåande utdanning som ikkje er på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse og ikkje kan dokumentere eitt års høgare utdanning jf. åttande ledd, kan få opptak når dei kan dokumentere å ha bestått og fullført fag i samsvar med § 2-1 første ledd .

(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) frå 2021 eller seinare, og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgare nivå («higher level»), eller fyller kravet til norsk etter denne føresegna på andre måtar, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg

  1. har oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), eller
  2. har oppnådd IB Diploma Programme Course Result (tidlegare IB-Certificate) med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgare nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgare nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.

(5) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) fram til og med 2020, og som anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller fyller kravet til norsk etter denne føresegna på andre måtar, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg

  1. har oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), eller
  2. har oppnådd IB Diploma Programme Course Results (tidlegare IB-Certificate) med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgare nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgare nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.

(6) Universitetet eller høgskulen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar.

(7) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til framandspråklege utdanningsprogram, utdanningsprogram der samisk er undervisningsspråk, og for studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram.

(8) GSU-lista gir ei oversikt over utanlandske utdanningar som kan kvalifisera for opptak til studium ved universitet og høgskular i Noreg. Lista er bindande ved opptak til høgare utdanning, jf. vedlegg I til denne forskrifta. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvaret for å føre og halda ved like denne lista.

Endra ved forskrifter 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), 29 mai 2020 nr. 1132 (i kraft 15 juni 2020), 15 des 2020 nr. 2912 (i kraft 1 jan 2021), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 2 feb 2023 nr. 134 , 19 des 2023 nr. 2223 , 19 des 2024 nr. 3488 .

Endringer

7 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2024-12-30 · Kunnskapsdepartementet · 2024-1579
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-12-19
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 2-2 andre (2) og tredje (3) ledd skal lyde:
Ny tekst
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, sjå også åttande ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk med éi av desse prøvene:Norskprøver:Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.Bestått årskurs i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delprøver, jf. lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (Integreringslova) § 37.Frå og med opptak til studieåret 2023–2024 kan kunnskapar i norsk også dokumenterast med en av følgjande kombinasjonar av prøvedelar:Bestått eller betre resultat i munnleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med avsluttande prøver i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum nivå B2 som resultat i alle tre delprøver.Bestått eller betre resultat i skriftleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med delprøve i munnleg kommunikasjon frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum B2 som resultat.Engelskprøver:Faget Engelsk frå norsk vidaregåande skule (140 timar)Test of English as a Foreign Language (TOEFL) medMinst 60 poeng på TOEFL iBT, ellerMinst 60 poeng på TOEFL iBT Home Edition, ellerMinst 500 poeng på papirbasert testInternational English Language Testing Service (IELTS) Academic test eller Online academic test med overall Band Score på minst 5,0 eller betreCambridge ESOL ExaminationsFirst certificate in English, ellerCertificate in Advanced English, ellerCertificate of Proficiency in EnglishPearson PTE Academic eller Academic online med overal…
Publisert 2023-12-22 · Kunnskapsdepartementet · 2023-1539
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2023-12-19
Forskrift om endring forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 2-2 andre til åttande ledd skal lyde:
Ny tekst
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, sjå også sjuande ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éi av desse prøvene:Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.Bestått årskurs i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delprøver, jf. lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (Integreringslova) § 37.Frå og med opptak til studieåret 2023–2024 kan kunnskapar i norsk også dokumenterast med en av følgjande kombinasjonar av prøvedelar:Bestått eller betre resultat i munnleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med avsluttande prøver i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum nivå B2 som resultat i alle tre delprøver.Bestått eller betre resultat i skriftleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med delprøve i munnleg kommunikasjon frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum B2 som resultat.
(3) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, og i tillegg dokumentere kunnskapar i engelsk med éi av desse prøvene (jf. vedlegg I):Faget Engelsk frå norsk vidaregåande skule (140 timar)Test of English as a Foreign Language (TOEFL) medMinst 60 poeng på TOEFL iBT, ellerMinst 60 poeng på TOEFL iBT Home Edition, ellerMinst 500 poeng på papirbasert testInternational English Language Testing Service (IELTS) Academic test eller Online academic test med…
Publisert 2023-02-03 · Kunnskapsdepartementet · 2023-0117
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2023-02-02
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 2-2 andre (2) ledd skal lyde:
Ny tekst
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, jf. sjette ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éin av desse prøvane:Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.Bestått studium i høgare utdanning på minst 60 studiepoeng i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delprøvar,jf. lov 6. november 2020 nr. 127 om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (Integreringslova) § 37.Frå og med opptak til studieåret 2023–2024 kan kunnskapar i norsk også dokumenterast med en av følgjande kombinasjonar av prøvedelar:Bestått eller betre resultat i munnleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med avsluttande prøvar i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum nivå B2 som resultat i alle tre delprøvar.Bestått eller betre resultat i skriftleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med delprøve i munnleg kommunikasjon frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum B2 som resultat.
Publisert 2021-12-07 · Kunnskapsdepartementet · 2021-1948
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2022-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 2-2 andre ledd nr. 4 skal lyde:
Ny tekst
Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), begge vurdert til «bestått» eller betre resultat.
Publisert 2020-12-22 · Kunnskapsdepartementet · 2020-1915
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2021-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 2-2 skal lyde:
Ny tekst
(1) Søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk når den vidaregåande utdanninga gir generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskular i dei respektive landa.
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, jf. sjette ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éin av desse prøvane:Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.Bestått studium i høgare utdanning på minst 60 studiepoeng i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), med minimum 450 poeng eller «bestått» etter ny vurderingsordning f.o.m. hausten 2009.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delferdigheiter, jf. lov 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar (introduksjonslova) § 19 andre ledd.
(3) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) frå 2021 eller seinare, og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgare nivå («higher level»), eller fyller kravet til norsk etter denne føresegna på andre måtar, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegghar oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), ellerhar oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgare nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgare nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaurea…
Publisert 2020-06-05 · Kunnskapsdepartementet · 2020-0822
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2020-06-15
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 2-2 tredje, fjerde, femte, sjette og sjuande ledd skal lyde:
Ny tekst
(3) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) frå 2021 eller seinare, og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgre nivå («higher level»), fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegghar oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), ellerhar oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) fram til og med 2020, anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegghar oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), ellerhar oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.
(5) Universitetet eller høgskolen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar.
(6) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til framandspråklege utdanningsprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram.
(7) GSU-lista er bindande ved opptak til høgre utdanning.
Publisert 2019-11-27 · Kunnskapsdepartementet · 2019-0987
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2020-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 2-2 andre, tredje og fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, jf. sjette ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éin av desse prøvane:Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæringBestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universitetaBestått eksamen frå 1-årig høgskolestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentarSkriftleg test i norsk, høgre nivå («Bergenstesten»), med minimum 450 poeng eller «bestått» etter ny vurderingsordning f.o.m. hausten 2009. Frå og med 1. januar 2021 vil i det i tillegg være krav om munnleg test i norsk, høgre nivåAvsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delferdigheiter, jf. lov 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar (introduksjonslova) § 19 andre ledd.
(3) Universitetet eller høgskolen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB), og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgre nivå («higher level»), fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegghar oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), ellerhar oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.