Forskrift om opptak til høgare utdanning
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Søkjarar som er tekne opp til høgare utdanning på grunnlag av reglar om unntak frå kravet om generell studiekompetanse, jf. kapittel 3 , og som har bestått ei slik utdanning på minst eitt år (60 studiepoeng eller to studium, kvart på 30 studiepoeng), får generell studiekompetanse såframt dei har dokumenterte norskkunnskapar.
(2) Dersom den høgare utdanninga ikkje har hatt norsk eller anna nordisk språk som undervisningsspråk, må kravet om norsk oppfyllast, jf. § 2-1 . Søkjarar med utdanning frå land utanom Norden som er tekne opp på grunnlag av § 2-2 sjuande ledd , må dokumentere norskkunnskapar etter føresegnene i § 2-2 .
Endra ved forskrifter 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 19 des 2023 nr. 2223 .
2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.