§ 2-1 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til høgare utdanning

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-1. Generell studiekompetanse – Kunnskapsløftet

(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren har

a. vitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; eller b. fylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskule og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.

Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor. Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere beståtte: norsk 393 timar engelsk 140 timar matematikk 224 timar naturfag 140 timar samfunnskunnskap 84 timar historie 140 timar.

(2) For søkjarar som har bestått norsk 309 timar, samisk/finsk 309 timar og historie 113 timar, gjeld ikkje kravet om norsk 393 timar og kravet om historie 140 timar.

(3) Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gi nærmare reglar.

(4) Søkjarar med generell studiekompetanse på grunnlag av vidaregåande opplæring eller tidlegare ordningar før Kunnskapsløftet skal framleis ha generell studiekompetanse, jf. overgangsføresegna i § 9-1 .

Endra ved forskrifter 23 nov 2018 nr. 1767 (i kraft 1 jan 2019), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2022-12-06 · Kunnskapsdepartementet · 2022-1564
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2023-01-01
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 2-1 første (1) ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren harvitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; ellerfylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskule og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor. Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere beståtte:norsk 393 timarengelsk 140 timarmatematikk 224 timarnaturfag 140 timarsamfunnskunnskap 84 timarhistorie 140 timar.
Publisert 2020-12-22 · Kunnskapsdepartementet · 2020-1915
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2021-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 2-1 første ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren harvitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; ellerfylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskule og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor. Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere beståtte:norsk 393 timarengelsk 140 timarmatematikk 224 timarnaturfag 140 timarsamfunnsfag 84 timarhistorie 140 timar.
Publisert 2018-11-28 · Kunnskapsdepartementet · 2018-1046
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2019-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 2-1 første ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskolar (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren harvitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse;ellerfylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskole og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år.Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor. Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere beståtte med karakteren 2 eller betre:norsk 393 timarengelsk 140 timarmatematikk 224 timarnaturfag 140 timarsamfunnsfag 84 timarhistorie 140 timar.