§ 14-9 — endringshistorikk

Burettslagslova – brl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 14-9. Registrering i grunnboka

(1) Seinast seks månader etter at kapittel 6 i lova her er sett i verk, skal styret sende melding til registerføraren for tinglysing av andelar i burettslag om registrering av andelane. Meldinga skal minst innehalde:

  1. Oversyn over andelane i laget med opplysning om kva bustad som er knytt til kvar andel, og namn, adresse og fødselsnummer eller organisasjonsnummer for andelseigarane.
  2. Oversyn over uinnfridde panterettar laget har fått melding om for kvar andel, med namn og adresse på panthavaren og opplysning om kven som sit med andelsbrevet.

(2) Dei panterettane som går fram av meldinga frå styret, skal registrerast på andelen, og registerføraren skal sende melding til panthavaren om registreringa.

(3) Rettsvern for panterett etter tidlegare gjeldande reglar fell bort dersom panteretten ikkje er meldt til registrering seinast seks månader etter at andelen er registrert i grunnboka.

(4) Føresegna i panteloven § 1-4 gjeld ikkje for panterett som har rettsvern etter tidlegare gjeldande reglar, og som er registrert innan fristen etter tredje ledd.

(5) Kongen gir forskrifter om registrering i tilfelle der det er tvist om prioriteten mellom fleire panterettar som hadde fått rettsvern mot andelseigarens kreditorar før andelane blei registrerte.

(6) Til andelane er registrerte, gjeld dei tidlegare reglane om rettsvern for rettserverv og om tvangssal. Det kan likevel ikkje etablerast rettsvern for avtala panterett i burettslagsandel på anna vis enn ved registrering i grunnboka når det er gått eitt år etter at lova her blei sett i kraft.

(7) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern utan registrering i grunnboka, dersom rettsvernet er sikra før kapittel 6 i lova her er sett i verk.

(8) Er det i medhald av § 14-17 avtalt innskrenking i røysteretten etter § 7-10 , kan innskrenkinga halde fram så langt det følgjer av dei tidlegare reglane.

Endra ved lover 17 juni 2005 nr. 94 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 1 juli 2005 nr. 753 ). 21 des 2005 nr. 130 .

Endringer

4 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2005-12-21 · Justis- og politidepartementet · 2005-1262
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2005-12-21, Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til domstolloven mv.
§ 14-9 sjette ledd skal lyde:
Ny tekst
(6) Til andelane er registrerte, gjeld dei tidlegare reglane om rettsvern for rettserverv og om tvangssal. Det kan likevel ikkje etablerast rettsvern for avtala panterett i burettslagsandel på anna vis enn ved registrering i grunnboka når det er gått eitt år etter at lova her blei sett i kraft.
Publisert 2005-06-17 · Kommunal- og regionaldepartementet · 2005-0510
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til burettslagslova mv.
§ 14-9 første ledd første punktum skal lyde:
Ny tekst
(1) Seinast seks månader etter at kapittel 6 i lova her er sett i verk, skal styret sende melding til registerføraren for tinglysing av andelar i burettslag om registrering av andelane.
Publisert 2005-06-17 · Kommunal- og regionaldepartementet · 2005-0510
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til burettslagslova mv.
§ 14-9 femte ledd oppheves. Nåværende sjette og syvende ledd blir femte og sjette ledd.
Publisert 2005-06-17 · Kommunal- og regionaldepartementet · 2005-0510
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til burettslagslova mv.
§ 14-9 syvende og nytt åttende ledd skal lyde:
Ny tekst
(7) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern utan registrering i grunnboka, dersom rettsvernet er sikra før kapittel 6 i lova her er sett i verk.
(8) Er det i medhald av § 14-17 avtalt innskrenking i røysteretten etter § 7-10, kan innskrenkinga halde fram så langt det følgjer av dei tidlegare reglane.