De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: Burettslagslova · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 1-4 første ledd nytt andre punktum skal lyde:
Eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap kan heller ikkje endre føremålet eller eigarstrukturen slik at selskapet blir eit bustadaksjeselskap.
§ 1-5 første og annet ledd skal lyde:
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved slik diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven og diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til seksuell orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett.
§ 1-6 skal lyde:
§ 1-6.Meldingar mv.
(1) Styret avgjer korleis meldingar og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.
(2) Når ein andelseigar skal gi meldingar og liknande etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har fastsett for dette føremålet.
(3) Krav i lova om at meldingar og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for elektronisk kommunikasjon.
(4) Departementet kan i forskrift gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og andelseigarane.
Ny § 1-7 skal lyde:
§ 1-7.Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
(1) Laget skal utarbeide og oppbevare dokumentasjon som det er krav om etter lova, på ein trygg og forsvarleg måte. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå Noreg.
(2) Krav om at dokumentasjon skal vere eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektroniske løysingar.
(3) Departementet kan i forskrift gi føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er eigna format på dokumentasjonen, kva som skal reknast som trygg og forsvarleg utarbeiding og oppbevaring, og om tryggleiksnivået for signatur.
§ 2-6 annet ledd nytt annet punktum skal lyde:
Departementet kan i forskrift gi føresegner om kva kostnader som skal vere med i driftsbudsjettet, og andre føresegner som heng saman med eit driftsbudsjett.
§ 2-6 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Planen skal vise kor mykje kvar andelseigar skal nedbetale av fellesgjelda gjennom felleskostnadene og kor mykje kvar andelseigar skal finansiere sjølve.
§ 2-7 skal lyde:
§ 2-7.Stifting av laget
Stiftarane skal datere og signere stiftingsdokumentet. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er andelane teikna og laget stifta. Stiftingsdokumentet kan opprettast på papir eller gjennom elektronisk løysing for stifting av burettslag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-9 første ledd første punktum skal lyde:
Laget skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert.
Ny § 2-12 a skal lyde:
§ 2-12 a.Forbod om avtale om rett til bustad
Det er forbode å inngå avtale mellom yrkesutøvar som nemnt i § 2-12 og kjøpar om rett til bustad som er knytt til, eller skal knytast til andel i burettslag, dersom kjøparen ikkje kan eige andelen etter §§ 4-1 flg.
§ 2-13 andre ledd skal lyde:
(2) Medan yrkesutøvar som nemnd i første ledd eig alle andelane i laget, kan forbrukaren etter avtale ha burett etter kapittel 5 før andelen blir overført eller teikna. Før buretten blir overteken, skal avtalen om rett til bustad i laget registrerast i grunnboka. Frå registreringa gjeld reglane om råderett over og rettsstiftingar i andel tilsvarande. Blir laget oppløyst før andelen er overført eller teikna, gjeld § 5-25 tilsvarande. Annan avtale med forbrukaren om bruksrett til bustaden er ikkje gyldig.
§ 2-13 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Registrert rett i avtale som nemnd i andre ledd går over til å gjelde rett i andelen frå den tid forbrukaren blir registrert som andelseigar, om ikkje anna følgjer av det som er avtalt.
Ny § 4-3 a skal lyde:
§ 4-3 a. Juridiske personar som kan tilby avtale om leige til eige eller deleige
Med leige til eige er det i denne lova meint avtale mellom ein juridisk person og ein eller fleire fysiske personar om leige av bustad, der den eller dei fysiske personane innanfor ein tidsbestemt periode har rett til å kjøpe bustaden.
Med deleige er det i denne lova meint avtale om delt eigarskap av ein bustad mellom ein juridisk person og ein eller fleire fysiske personar, der den eller dei fysiske personane har rett til å kjøpe heile bustaden. Den eller dei fysiske personane må eige minst 50 prosent av bustaden og ha ein eksklusiv bruksrett til heile bustaden.
Departementet kan gi forskrift om at juridiske personar som tilbyr bustad med avtale om leige til eige eller deleige, kan eige opp til 50 prosent av bustadene i laget. Slik forskrift skal stille nærare vilkår til avtalane om leige til eige og deleige. Forskrifta kan fastsetje at ein kommune kan eige ein større andel enn 50 prosent av bustadene i laget.
Ny § 4-3 b skal lyde:
§ 4-3 b. Forelding av kjøpsrett ved avtale om leige til eige og deleige
Når ein person har fått tilbod om kjøp av bustad som nemnt i § 4-3 a første eller andre ledd, blir retten til å tre inn i kjøpsavtalen ikkje forelda før akseptfristen som er angitt i kjøpsretten, er gått ut. For krav med grunnlag i ein inngått kjøpsavtale gjeld reglane i foreldelsesloven.
§ 4-6 nytt andre punktum skal lyde:
Det kan ikkje gjerast avtale om at andre enn den som avhender andelen, skal betale vederlaget.
§ 4-12 skal lyde:
§ 4-12.Rettsovergang til nærståande og enkelte andre
(1) Forkjøpsrett kan ikkje gjerast gjeldande når andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller ektemakens slektning i rett opp- og nedstigande linje, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når ein husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3.
(2) Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande når andelen går over frå ein andelseigar som nemnd i § 4-2 første ledd til leigaren av den bustaden som andelen er knytt til.
(3) Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.
§ 4-12 tredje ledd skal lyde:
(3) Forkjøpsretten kan heller ikkje gjerast gjeldande når ein leigar eller deleigar nyttar seg av kjøpsretten i ein leige til eige- eller deleigeavtale som nemnd i § 4-3 a første og andre ledd.
§ 5-2 nytt femte ledd skal lyde:
(5) Reglane i paragrafen her er ikkje til hinder for slikt sameige som nemnt i § 4-3 a andre ledd.
§ 5-4 nytt andre punktum skal lyde:
I tillegg kan andelseigaren overlate bruken av heile bustaden til andre i opptil 30 døgn i løpet av året.
§ 5-9 andre ledd skal lyde:
(2) Oppfører brukaren seg slik at det er fare for øydelegging eller vesentleg forringing av eigedommen, eller slik at det er til alvorleg plage eller sjenanse for andre brukarar i eigedommen, kan laget krevje fråviking frå bustaden etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. Kravsmål om fråviking skal setjast fram for tingretten. Dersom det innan fristen etter tvangsfullbyrdelsesloven § 13-6 blir reist innvendingar mot fråvikinga som ikkje er klart grunnlause, skal kravsmålet om fråviking ikkje takast til følgje utan behandling ved allmennprosess.
§ 5-11 andre ledd første punktum skal lyde:
Ein andelseigar kan med godkjenning frå styret gjennomføre tiltak på eigedomen som trengst på grunn av funksjonshemming hos ein brukar av bustaden.
§ 5-11 annet ledd skal lyde:
(2) Ein andelseigar kan med godkjenning frå styret gjennomføre tiltak på eigedomen som trengst på grunn av nedsett funksjonsevne hos ein brukar av bustaden. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Ny § 5-11 a skal lyde:
§ 5-11 a.Rett til å setje opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil
Ein andelseigar som disponerer eigen parkeringsplass på eigedomen til burettslaget, har med samtykke frå styret rett til å setje opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil i tilknyting til parkeringsplassen. Samtykke kan berre nektast om det ligg føre ein sakleg grunn til det.
Ein andelseigar som har rett til å parkere på eigedomen til burettslaget, men utan å disponere ein eigen plass, kan krevje at det blir sett opp ladepunkt for elbil og ladbar hybridbil. Styret skal etterkome kravet med mindre det ligg føre ein sakleg grunn til å nekte. Styret avgjer kvar ladepunktet skal setjast opp.
§ 5-20 første ledd skal lyde:
(1) For krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå lagsforholdet har laget panterett i andelen framfor alle andre hefte. Pantekravet kan ikkje vere større enn ein sum som svarar til to gonger grunnsummen i folketrygda. Grunnsummen som gjeld på tidspunktet da tvangsdekning blir vedteken gjennomført, skal leggjast til grunn for berekninga. Panteretten omfattar også krav som skulle ha vore betalte etter at det har kome inn eit kravsmål til namsstyresmaktene om tvangsdekning.
§ 5-21 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Tvangssal av andelen skal haldast som tvangsauksjon etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 11, om ikkje burettslaget krev sal ved medhjelpar.
§ 5-23 første ledd skal lyde:
(1) Oppfører andelseigaren seg slik at det er fare for øydelegging eller vesentleg forringing av eigedommen, eller slik at det er til alvorleg plage eller sjenanse for andre brukarar i eigedommen, kan laget krevje fråviking frå bustaden etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. Kravsmål om fråviking kan setjast fram tidlegast samtidig med at det blir gitt pålegg etter § 5-22 om sal. Kravsmålet skal setjast fram for tingretten. Dersom det innan fristen etter tvangsfullbyrdelsesloven § 13-6 blir reist innvendingar mot fråvikinga som ikkje er klart grunnlause, skal kravsmålet om fråviking ikkje takast til følgje utan behandling ved allmennprosess.
§ 6-1 skal lyde:
§ 6-1.Registrering i grunnboka
(1) Andelane i burettslaget skal registrerast i grunnboka.
(2) For registreringa gjeld reglane i tinglysingslova så langt ikkje noko anna er fastsett i kapitlet her.
(3) Kongen gir nærare forskrifter om registreringa, og kan i den samanhengen gi føresegner som vik frå tinglysingslova med forskrifter.
§ 6-2 andre ledd skal lyde:
(2) Stemninga eller eit utdrag av stemninga i eit søksmål som gjeld rett som nemnd i første ledd, kan registrerast dersom retten fastset det i orskurd.
§ 6-4 overskriften og første ledd skal lyde:
§ 6-4.Registreringstidspunktet
(1) Eit rettserverv skal registrerast når krav om registrering kjem inn. Departementet fastset i forskrift eit klokkeslett for når eit rettserverv som ikkje er sendt inn elektronisk, skal reknast som registrert etter lova her.
§ 6-5 annet ledd skal lyde:
(2) Kolliderer fleire registrerte rettserverv, blir rekkjefølgja avgjord etter tidspunktet for registreringa. Rettserverv som er registrerte samtidig, er likestilte.
§ 6-5 nytt tredje ledd skal lyde:
(3) Utlegg og arrest går framom andre rettsstiftingar som er registrerte same dagen. Er fleire utlegg registrerte same dagen, går det eldste først.
§ 6-6 fjerde ledd annet punktum skal lyde:
Om prioritet for panterett som sikrar lån for erverv ved tvangssal, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven § 11-33 andre ledd andre punktum og § 11-51 fjerde ledd tredje punktum.
§ 6-7 første ledd skal lyde:
For panterett som ikkje er tinglyst elektronisk, gjeld ikkje føresegnene i § 6-5 for avhending av panteretten til eige eller pant eller for utlegg i panterett.
§ 6-14 første ledd andre punktum skal lyde:
At hovudstol og avdrag går fram for ein registrert panterett, er ikkje nok til at dette leddet kan brukast.
Ny § 6-16 skal lyde:
§ 6-16.Gebyr
(1) For registrering etter lova her skal det betalast gebyr. Departementet kan likevel fastsetje fritak frå plikta til å betale gebyr for bestemte registreringar. Departementet gir forskrifter om storleiken på gebyret. Departementet kan også gi forskrifter om korleis informasjon om registrerte rettar skal gjerast tilgjengeleg, og kan fastsetje at det skal betalast gebyr for tenestene.
(2) Gebyret skal betalast av den som har kravd forretninga. Den som har kravd ei bestemt forretning, må også betale for andre gebyrpliktige forretningar som nødvendig følgjer med den forretninga som er kravd.
(3) Er ei forretning kravd av ein person eller ei myndigheit på vegner av ein annan, blir begge ansvarlege for gebyret. Ved registrering av dokument som har samanheng med sal av burettslagsandel, er eit meklarføretak som hjelper avtalepartane med oppgåver som nemnde i lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling § 3-9 første ledd nr. 1, 2 eller 4, også ansvarleg for gebyret uavhengig av om meklarføretaket har kravd forretninga. Har staten kravd ei forretning på vegner av nokon, kan staten krevje refusjon av denne dersom ikkje noko anna følgjer av lov.
(4) Krav på betaling etter denne føresegna frå andre enn stat, fylkeskommune eller kommune er tvangsgrunnlag for utlegg. Når Statens innkrevjingssentral er pålagt å krevje inn gebyr for Statens kartverk, kan krava drivast inn ved trekk i lønn og liknande ytingar etter reglane i dekningslova § 2-7. Innkrevjingssentralen kan også drive inn krava ved å stifte utleggspant for kravet dersom panteretten kan få rettsvern ved registrering i eit register eller ved ei melding til ein tredjeperson, jf. pantelova kapittel 5, og utleggsforretninga kan haldast på kontoret til innkrevjingssentralen etter tvangsfullbyrdingslova § 7-9 første ledd.
§ 6-16 fjerde ledd annet og tredje punktum oppheves.
§ 6-16 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Ved registrering av dokument som har samanheng med sal av burettslagsandel, er eit meklarføretak som hjelper avtalepartane med oppgåver som nemnde i eiendomsmeglingsloven § 6-9 første ledd nr. 1, 2 eller 4, også ansvarleg for gebyret uavhengig av om meklarføretaket har kravd forretninga.
Ny § 6-17 skal lyde:
§ 6-17.Skadebotansvar
(1) Staten skal bøte tap som nokon lir utan eiga skuld på grunn av registreringsfeil ved:å lite på ein attest om registrering eller sletting eller på ei attestert registerutskrift,at eit rettserverv ikkje blir registrert eller blir registrert eller endeleg registrert for seint,at eit rettserverv må stå attende etter § 6-12 for eit erverv som er registrert seinare, ellerat registrering er skjedd på grunnlag av eit dokument som nemnd i § 6-13 andre ledd, og nokon i god tru har fått registrert ein rett som byggjer på avtale, i tillit til det registrerte.
(2) Det skal reknast som registreringsfeil etter første ledd nr. 1 at eit hefte ikkje er påført i attesten på pantedokumentet, og dette seinare viser seg å redusere høvet til dekning av panteretten.
§ 6-17 annet ledd oppheves.
§ 7-4 andre og tredje ledd skal lyde:
(2) Spørsmålet om godkjenning av årsrekneskapen og eventuell årsmelding skal alltid takast opp og avgjerast i den ordinære generalforsamlinga.
(3) Årsrekneskapen, eventuell årsmelding og revisjonsmeldinga skal seinast åtte dagar før generalforsamlinga sendast til alle andelseigarar med kjend adresse.
§ 7-4 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Styret avgjer korleis generalforsamlinga skal gjennomførast. Generalforsamlinga skal gjennomførast som fysisk møte dersom minst to andelseigarar som til saman har minst ein tiandedel av røystene, krev det. Styret kan setje ein frist for når eit krav om fysisk møte kan fremjast. Fristen kan tidlegast gå frå andelseigarane har blitt informerte, om kva saker generalforsamlinga skal behandle, og må vere så lang at andelseigarane får rimeleg tid til å vurdere om dei skal fremje krav om fysisk møte. Dersom generalforsamlinga ikkje blir gjennomført som fysisk møte, må styret syte for ei forsvarleg gjennomføring og at det ligg føre system som sikrar at krava til generalforsamling i lova er oppfylte. Systema må sikre at deltakinga og røystinga kan kontrollerast på ein trygg måte, og det må brukast ein trygg metode for å stadfeste identiteten til deltakarene.
§ 7-5 skal lyde:
(1) Ekstraordinær generalforsamling skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når revisor eller minst to andelseigarar som til saman har minst ein tiandedel av røystene, krev det og samtidig seier kva saker dei ønskjer skal takast opp.
(2) Føresegna i § 7-4 fjerde ledd gjeld tilsvarande for ekstraordinære generalforsamlingar.
§ 7-9 annet ledd annet punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av møteleiaren og minst ein andelseigar som generalforsamlinga skal velje mellom dei som deltek.
§ 7-10 nytt tredje ledd skal lyde:
(3) Departementet kan gi forskrift om røysterett på generalforsamlinga ved bruk av avtale om leige til eige eller deleige i laget.
§ 8-5 nytt tredje og fjerde punktum skal lyde:
Styreleiaren avgjer om sakene skal behandlast i fysisk møte eller på annan måte. Alle styremedlemmene kan krevje fysisk møte.
§ 8-7 annet ledd annet punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av dei styremedlemmene som deltok.
§ 8-10 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Så lenge yrkesutøvar som nemnt i § 2-12 eig meir enn ein tredjedel av andelane i laget, kan det ikkje fastsetjast i vedtektene at burettslaget ikkje skal ha forretningsførar.
§ 10-3 tredje ledd skal lyde:
(3) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.
§ 10-3 annet ledd skal lyde:
(2) Føretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om samanslåing i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i laga om at eventuelle motsegner mot samanslåinga må meldast til laget innan seks veker frå kunngjeringa.
Tredje ledd oppheves.
§ 11-4 andre ledd skal lyde:
(2) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.
§ 11-4 første ledd skal lyde:
(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse laget i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til laget varslast om at dei må melde krava sine til avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa. Namn og adresse til leiaren for avviklingsstyret skal gå fram av kunngjeringa.
Annet ledd oppheves. Nåværende tredje ledd blir nytt annet ledd.
§ 12-1 skal lyde:
§ 12-1.Skadebotansvar
(1) Den som i eigenskap av styremedlem, forretningsførar, granskar eller andelseigar valdar tap forsettleg eller aktlaust for laget, andelseigarar eller andre under utføringa av oppgåva si, har plikt til å bøte tapet. Det same gjeld for medlem av andre organ som er skipa etter vedtektene.
(2) Yrkesutøvar eller kjøpar som bryt forbodet i § 2-12 a og forsettleg eller aktlaust valdar tap for laget eller andelseigarar, har plikt til å bøte tapet.
§ 12-7 første ledd oppheves. Nåværende annet ledd blir første ledd.
§ 14-1 første og andre ledd skal lyde:
(1) Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene til ulik tid.
(2) Kongen fastset når lov 4. februar 1960 nr. 2 om borettslag blir oppheva.
§ 14-9 første ledd første punktum skal lyde:
(1) Seinast seks månader etter at kapittel 6 i lova her er sett i verk, skal styret sende melding til registerføraren for tinglysing av andelar i burettslag om registrering av andelane.
§ 14-9 femte ledd oppheves. Nåværende sjette og syvende ledd blir femte og sjette ledd.
§ 14-9 syvende og nytt åttende ledd skal lyde:
(7) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern utan registrering i grunnboka, dersom rettsvernet er sikra før kapittel 6 i lova her er sett i verk.
(8) Er det i medhald av § 14-17 avtalt innskrenking i røysteretten etter § 7-10, kan innskrenkinga halde fram så langt det følgjer av dei tidlegare reglane.
§ 14-9 sjette ledd skal lyde:
(6) Til andelane er registrerte, gjeld dei tidlegare reglane om rettsvern for rettserverv og om tvangssal. Det kan likevel ikkje etablerast rettsvern for avtala panterett i burettslagsandel på anna vis enn ved registrering i grunnboka når det er gått eitt år etter at lova her blei sett i kraft.
§ 14-11 skal lyde:
§ 14-11.Vedtekter og avtalar
Vedtektsføresegner og avtalar som er i strid med føresegner i lova her, fell bort seinast eitt år etter at lovføresegnene blei sett i kraft.
5. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 1-5 lyde:
Forbod mot diskriminering
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion eller livssyn. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved slik diskriminering gjeld diskrimineringsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til homofil orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett.
(3) Dersom det ligg føre omstende som gir grunn til å tru at det har funne stad diskriminering i strid med andre ledd, skal slik diskriminering leggjast til grunn som bevist, med mindre den som har utført handlinga gjer det sannsynleg at diskriminering likevel ikkje har funne stad.
(4) Om skadebotansvar for ulovleg diskriminering etter andre ledd gjeld vanlege skadebotreglar.
(5) Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal føre tilsyn med og medverke til gjennomføring av andre ledd, jf. diskrimineringsombudsloven.
Kapittel 14 nytt avsnitt V skal lyde:
§ 14-13.Varigheit
Når kapittel 6 i lova her blir sett i verk, blir reglane i kapittel 14 avsnitt V oppheva.
§ 14-14.Andelsbrev
(1) For kvar andel skal det skrivast ut eit andelsbrev. Andelsbrev kan ikkje skrivast ut før laget er registrert i Føretaksregisteret.
(2) Andelsbrevet skal innehalde namnet på laget, dagen for registreringa, andelsnummeret og pålydande, namnet på andelseigaren og opplysning om kva bustad som er knytt til andelen.
(3) Er det knytt innskot til andelen, skal dette førast på andelsbrevet med opplysning om at andelen ikkje gyldig kan ervervast eller pantsetjast utan saman med innskotet.
(4) Er det avtalt innskrenking i røysteretten etter § 14-17, skal innskrenkinga førast på andelsbrevet med opplysning om frå kva tidspunkt andelseigaren skal ha røysterett.
(5) Andelsbrevet skal vere datert og underskrive av minst to styremedlemmer.
§ 14-15.Partialobligasjon
(1) Er det knytt innskot til andelen etter § 2-10, skal det skrivast ut ein partialobligasjon til kvar andelseigar. Partialobligasjonane kan ikkje skrivast ut før panteretten for dei samla innskota er tinglyst etter § 2-11.
(2) Partialobligasjonen skal ha ei påføring som viser tilknytinga mellom innskotet og andelen.
§ 14-16.Andelsbok
Alle andelar skal vere innført i ei andelsbok med opplysning om namnet og adressa til eigaren. Som andelsbok reknar ein også eit sikkert lausblads- eller kortsystem. Føringa kan også gjerast ved elektronisk databehandling.
§ 14-17.Avtale mellom utbyggjar og forbrukar
(1) For avtale mellom yrkesutøvar som nemnd i § 2-12 og forbrukar om rett til bustad i laget gjeld bustadoppføringslova dersom arbeid som er omfatta av avtalen, ikkje er fullført på avtaletida, og elles avhendingslova, jf. bustadoppføringslova § 1 a og avhendingslova § 1-1 a.
(2) Medan ein yrkesutøvar som nemnd i første ledd fører opp bustader for burettslaget, kan yrkesutøvaren og forbrukaren avtale at andelen blir overført eller teikna utan at forbrukaren får røysterett etter § 7-10. Det kan ikkje gyldig avtalast andre innskrenkingar i råderetten til andelseigaren enn det som elles følgjer av lova her.
(3) Er det avtalt innskrenking etter andre ledd, skal andelseigaren få røysterett etter § 7-10 seinast to år etter første overtaking av andel i laget.
§ 14-18.Panterett for felleskostnader
Laget kan ikkje stifte panterett i eigne andelar ved avtale unntatt til sikring av krav på dekning av felleskostnader og andre krav frå lagsforholdet.
§ 14-19.Burett
Burett etter burettslagslova kapittel 5 skal likestillast med leigerett i panteloven §§ 4-3 og 5-8 og tvangsfullbyrdelsesloven §§ 1-8, 6-1 og 12-1.
§ 14-20.Heimelsoverføring
Overføring av andel etter avhendingslova § 1-1 a og bustadsoppføringslova § 1 a skjer ved overlevering av andelsbrev og eventuell partialobligasjon, og melding til burettslaget.
§ 14-21.Forskrifter
Kongen kan i forskrifter gi ytterlegare mellombelse reglar til kapittel 6 i lova her er sett i verk.
I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) skal § 8-13 annet ledd første punktum lyde:
Pengar skal plasserast som innskott i norsk bank eller i annan finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg.
132. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) skal § 13-2 annet og tredje ledd lyde:
(2) Orskurdar og vedtak som retten gjer etter lova her, kan ankast.
(3) Ein anke etter andre ledd kan ikkje grunnast på at avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 7-14 til 7-16.
233. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) skal § 13-1 annet ledd lyde:
Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.
Overføring av ansvaret for tinglysingen fra Justis- og politidepartementet til Miljøverndepartementet.
Overføring av ansvaret for tinglysingen fra Justis- og politidepartementet til Miljøverndepartementet.
Overføring av forskriftskompetansen etter lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing og forskriftskompetanse etter lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag kapittel 6 knyttet til registrering av borettslagsboliger fra Justis- og politidepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet til Miljøverndepartementet.
Delegering til Miljøverndepartementet til å foreta de endringer i forskrifter, avtaler, instrukser og bestemmelser som er nødvendige for overføringen.
Overføring av forvaltningen av statens eierinteresser i Norsk Eiendomsinformasjon as fra Justis- og politidepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.
Overføringene skjer med virkning fra 1. juli 2010.
Nåværende fjerde ledd blir nytt femte ledd og skal lyde:
(5) Planen kan endrast av styret, eventuelt med samtykke frå generalforsamlinga etter § 8-9. Ved endring av planen må fellesgjelda vere i samsvar med §§ 2-14 og 2-15. Endring av innskotet kan berre skje etter § 2-10, og endring av fordelinga av felleskostnadene kan berre skje etter § 5-19.
Kapittel 2 nytt avsnitt IV skal lyde:
§ 2-14.Maksimalgrense
Er det fastset i byggje- og finansieringsplanen at laget skal ha fellesgjeld, skal fellesgjelda ved stiftinga ikkje utgjere meir enn 75 prosent av kostnadsoverslaget i byggje- og finansieringsplanen, jf. § 2-6. Ei låneavtale som fører til at fellesgjelda går over grensa i første punktum, er ugyldig for den overskytande delen.
§ 2-15.Krav til fellesgjeld
Ved stifting av burettslag skal fordelinga mellom storleiken på den delen av fellesgjelda som kvar andelseigar skal nedbetale gjennom felleskostnadene og det dei skal finansiere sjølve, jf. § 2-6 fjerde ledd, vere prosentvis lik for alle andelane i laget. Den einskilde andelseigar kan likevel få rett til å nedbetale sin del av fellesgjelda dersom burettslaget og finansinstitusjonen, som har gitt felleslånet, har avtalt ein slik rett for andelseigarane.
§ 2-16.Opplysningar
Før avtale om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, vert inngått, skal yrkesutøvar som nemnt i § 2-12 opplyse kjøparen om rente- og avdragsvilkår, løpetid og andre vilkår av vesentleg betyding for nedbetaling av fellesgjelda.
Kapittel 5 nytt avsnitt VII skal lyde:
§ 5-26.Sikring mot tap av felleskostnader
(1) Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av den risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.
(2) Sikring som nemnt i første ledd kan berre etablerast og tilbydast etter lova her.
§ 5-27.Krav til tilbydaren
Berre føretak som har løyve til å drive skadeforsikrings- eller finansieringsverksemd, kan tilby sikring etter § 5-26.
§ 5-28.Krav til produktet
Departementet gir nærare forskrifter om krav til produktet, og kan i den samanhengen gi føresegner som vik frå forsikringsvirksomhetsloven og finansieringsvirksomhetsloven.
§ 5-29.Oppseiing
Oppseiing av avtale om sikring etter kapitlet her skal vedtakast av generalforsamlinga. Dersom avtale om sikring stiller vilkår om bruk av ein særskilt forretningsførar, må oppseiing av avtale om forretningsførsel også vedtakast av generalforsamlinga.
§ 5-30.Marknadsføring og informasjon
Berre sikring etter §§ 5-26 til 5-29 kan marknadsførast som sikring mot tap av felleskostnader ved sal av andelar i burettslag. Andre ordningar kan heller ikkje marknadsførast på ein måte som gjer at dei kan forvekslast med å vere sikring etter §§ 5-26 til 5-29.
Loven trer i kraft fra 1. januar 2011.
Loven trer i kraft fra 1. januar 2011.
Lov 11. januar 2013 nr. 3 om Statens innkrevingssentral trer i kraft 1. juni 2013.
Lov 11. januar 2013 nr. 3 om Statens innkrevingssentral trer i kraft 1. juni 2013.
4. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 1-5 lyde:
§ 1-5.Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og diskrimineringsloven om seksuell orientering.
Loven gjelder fra 1. juli 2013.
Loven gjelder fra 1. juli 2013.
Loven trer i kraft 1. januar 2014.
Loven trer i kraft 1. januar 2014.
Lov om endringer i tinglysingsloven, inkassoloven og tvangsfullbyrdelsesloven mv. (teknologinøytralitet) gjelder fra 18. april 2017, med det unntak at endringene i tinglysingsloven ikke gjelder for tinglysing i Akvakulturregisteret.
Lov om endringer i tinglysingsloven, inkassoloven og tvangsfullbyrdelsesloven mv. (teknologinøytralitet) gjelder fra 18. april 2017, med det unntak at endringene i tinglysingsloven ikke gjelder for tinglysing i Akvakulturregisteret.
Lov 20. juni 2014 nr. 45 om endringer i tinglysingsloven mv. (elektronisk tinglysing) gjelder fra 18. april 2017, med følgende unntak:
endringene i tinglysingsloven gjelder ikke for tinglysing i Akvakulturregisteret.
endringene i tinglysingsloven § 7 første ledd første og annet punktum gjelder ikke for tinglysing i Løsøreregisteret.
Frem til tinglysingsloven § 7 første ledd første og annet punktum som endret ved lov 20. juni 2014 nr. 45 om endringer i tinglysingsloven mv. trer i kraft for tinglysing i Løsøreregisteret, skal et dokument som kreves tinglyst i Løsøreregisteret, registreres snarest mulig. Dokument som kommer inn til kontoret elektronisk eller på papir innen klokken 14.00, skal anses som registrert den dato det er kommet inn. Kommer det senere, skal det anses som registrert den neste kontordagen. Er kontortiden enkelte dager slutt før kl. 14.00, opphører adgangen til innføring i registeret ved kontortidens slutt.
Delt ikraftsetting av lov om endringer i rettergangslovgivningen mv. (organiseringen av den sivile rettspleien på grunnplanet). Lovens del I og del III trer i kraft 1. juni 2017. Lovens del II trer i kraft 1. januar 2018.
Delt ikraftsetting av lov om endringer i rettergangslovgivningen mv. (organiseringen av den sivile rettspleien på grunnplanet). Lovens del I og del III trer i kraft 1. juni 2017. Lovens del II trer i kraft 1. januar 2018.
Loven får ikke virkning for lensmannsskjønn som er begjært før ikraftsettingen av lovens del II.
Loven trer i kraft 1. januar 2018.
Loven trer i kraft 1. januar 2018.
I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 5-28 lyde:
§ 5-28.Krav til produktet
Departementet gir nærare forskrifter om krav til produktet, og kan i den samanhengen gi føresegner som vik frå forsikringsvirksomhetsloven og finansforetaksloven.
Loven trer i kraft 1. januar 2020.
Loven trer i kraft 1. januar 2020.
Delt ikraftsetting av endringsloven. Endringsloven trer i kraft 1. januar 2020 med unntak av del I, endringene i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) § 28, og del XIV, endringene i lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finansko
Delt ikraftsetting av endringsloven. Endringsloven trer i kraft 1. januar 2020 med unntak av del I, endringene i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) § 28, og del XIV, endringene i lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern (finansforetaksloven) § 16-2 syvende ledd.
Kapittel 14 del IV og V blir oppheva.
Loven trer i kraft 1. januar 2021.
Loven trer i kraft 1. januar 2021.
Loven trer i kraft 1. april 2021.
Loven trer i kraft 1. april 2021.
Ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2022.
Ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2022.
Private straffesaker etter straffeprosessloven kapittel 28, som er innkommet ved stevning, erklæring eller er til behandling i en domstol før 1. juli 2022, behandles i henhold til reglene i straffeprosessloven kapittel 28 også etter 1. juli 2022. Dette gjelder også ankebehandling.
Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
Loven trer i kraft 1. januar 2026.
Loven trer i kraft 1. januar 2026.
I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 6-11 lyde:
§ 6-11. Rettsvern ved konkurs og rekonstruksjonsforhandling
(1) For at ein rett som byggjer på frivillig disposisjon, skal ha rettsvern i konkurs, må retten vere registrert seinast dagen før konkursopninga. Likevel har rettserverv som nemnde i §§ 6-6 tredje og fjerde ledd og § 6-7 rettsvern i konkurs utan omsyn til om og når ervervet er registrert.
(2) Har det vore opna rekonstruksjonsforhandling rett før konkursen, jf. dekningsloven § 1-4 femte ledd, må retten vere registrert seinast dagen før opninga av rekonstruksjonsforhandlinga. Når retten er stifta med samtykke av rekonstruksjonsutvalet, er likevel rettsvernet i høve til konkursbuet ikkje avhengig av registrering.
(3) For at ein frivillig stifta rett skal ha rettsvern ved rekonstruksjonsforhandling, må retten vere registrert seinast dagen før opninga av rekonstruksjonsforhandlinga.