§ 1-5 — endringshistorikk

Burettslagslova – brl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 1-5. Forbod mot diskriminering

I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved diskriminering gjeld likestillings- og diskrimineringsloven.

Ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 19 des 2003 nr. 1766 , endra ved lover 3 juni 2005 nr. 33 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 608 ), 10 juni 2005 nr. 40 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 10 juni 2005 nr. 528 ), 20 juni 2008 nr. 42 (ikr. 1 jan 2009 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 631 ), 21 juni 2013 nr. 61 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 707 ), 16 juni 2017 nr. 51 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 751 ).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2013-06-21 · Barne- og likestillingsdepartementet · 2013-0576
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven
4. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 1-5 lyde:
Ny tekst
§ 1-5.Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og diskrimineringsloven om seksuell orientering.
Publisert 2008-06-20 · Barne- og likestillingsdepartementet · 2008-0506
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Diskriminerings- og tilgjengelighetsloven
§ 1-5 første og annet ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved slik diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven og diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til seksuell orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett.
Publisert 2005-06-10 · Barne- og familiedepartementet · 2005-0422
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Diskrimineringsombudsloven
5. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 1-5 lyde:
Ny tekst
Forbod mot diskriminering
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion eller livssyn. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved slik diskriminering gjeld diskrimineringsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til homofil orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett.
(3) Dersom det ligg føre omstende som gir grunn til å tru at det har funne stad diskriminering i strid med andre ledd, skal slik diskriminering leggjast til grunn som bevist, med mindre den som har utført handlinga gjer det sannsynleg at diskriminering likevel ikkje har funne stad.
(4) Om skadebotansvar for ulovleg diskriminering etter andre ledd gjeld vanlege skadebotreglar.
(5) Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal føre tilsyn med og medverke til gjennomføring av andre ledd, jf. diskrimineringsombudsloven.