§ 9-13 — endringshistorikk

Bustadbyggjelagslova – bbl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-13. Ugyldig samanslåing

(1) Søksmål med påstand om at vedtak i laget om samanslåing skal kjennast ugyldig, må reisast før samanslåinga er registrert i Føretaksregisteret etter § 9-11 . Søksmål som blir reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast.

(2) Blir det reist søksmål om at samanslåinga er ugyldig, skal tingretten gi laget ein frist på tre månader for å rette det tilhøvet søksmålet byggjer på.

(3) Dom som kjenner vedtak om samanslåing ugyldig, har verknad for alle i laget.

(4) Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11 , skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.

(5) Når vedtaket til generalforsamlinga blir kjent ugyldig, heftar laget solidarisk med dei andre laga som er med i samanslåinga, for skyldnader frå tida etter at samanslåinga skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter fjerde ledd.

Endra med lover 5 sep 2003 nr. 92 (ikr. 1 jan 2004 iflg. res. 5 sep 2003 nr. 1119 ), 14 juni 2013 nr. 41 (ikr. 1 juli 2013 iflg. res. 14 juni 2013 nr. 638 ).

Endringer

2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2013-06-14 · Justis- og beredskapsdepartementet · 2013-0488
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til aksjeloven mv.
§ 9-13 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
(4) Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.
Publisert 2003-09-08 · Nærings- og handelsdepartementet · 2003-0626
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringslov til rettsgebyrloven mv.
§ 9-13 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.