De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: Bustadbyggjelagslova · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 1-5 skal lyde:
§ 1-5.Meldingar mv.
(1) Styret avgjer korleis meldingar og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.
(2) Når ein andelseigar skal gi meldingar og liknande etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har fastsett for dette føremålet.
(3) Krav i lova om at meldingar og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for elektronisk kommunikasjon.
(4) Departementet kan i forskrift gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og andelseigarane.
Ny § 1-6 skal lyde:
§ 1-6.Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
(1) Styret skal utarbeide og oppbevare dokumentasjon som det er krav om etter lova, på ein trygg og forsvarleg måte. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå Noreg.
(2) Krav om at dokumentasjon skal vere eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektroniske løysingar.
(3) Departementet kan i forskrift gi føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar, kva som er eigna format på dokumentasjonen, kva som skal reknast som trygg og forsvarleg utarbeiding og oppbevaring, og om tryggleiksnivået for signatur.
§ 2-6 skal lyde:
§ 2-6.Stifting av laget
Stiftarane skal datere og signere stiftingsdokumentet. Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er andelane teikna og laget stifta. Stiftingsdokumentet kan opprettast på papir eller gjennom elektronisk løysing for stifting av bustadbyggjelag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-8 første ledd skal lyde:
(1) Laget skal meldast til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet er signert.
§ 3-1 annet ledd annet punktum skal lyde:
Stiftelsesloven kapittel 6 gjeld tilsvarande dersom laget ikkje lenger har andelseigarar.
§ 5-2 annet ledd skal lyde:
(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg fullmakt. Fullmakta skal vere signert og datert. Fullmakta gjeld berre for den førstkomande generalforsamlinga om det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Andelseigaren kan når som helst kalle tilbake fullmakta. Første og andre punktum gjeld tilsvarande for tilbakekalling av fullmakta.
§ 5-6 andre og tredje ledd skal lyde:
(2) Spørsmålet om godkjenning av årsrekneskapen og eventuell årsmelding skal alltid takast opp og avgjerast på den ordinære generalforsamlinga.
(3) Årsrekneskapen, eventuell årsmelding og revisjonsmeldinga skal seinast ei veke før generalforsamlinga sendast til alle andelseigarar med kjend adresse.
§ 5-6 nytt fjerde ledd skal lyde:
(4) Styret avgjer korleis generalforsamlinga skal gjennomførast. Generalforsamlinga skal gjennomførast som fysisk møte dersom minst ein tjuandedel av andelseigarane krev det. Styret kan setje ein frist for når eit krav om fysisk møte kan fremjast. Fristen kan tidlegast gå frå andelseigarane har blitt informerte om kva saker generalforsamlinga skal behandle, og må vere så lang at andelseigarane får rimeleg tid til å vurdere om dei skal fremje krav om fysisk møte. Dersom generalforsamlinga ikkje blir gjennomført som fysisk møte, må styret syte for ei forsvarleg gjennomføring og at det ligg føre system som sikrar at krava til generalforsamling i lova er oppfylte. Systema må sikre at deltakinga og røystinga kan kontrollerast på ein trygg måte, og det må brukast ein trygg metode for å stadfeste identiteten til deltakarane.
§ 5-7 nytt tredje ledd skal lyde:
(3) Føresegna i § 5-6 fjerde ledd gjeld tilsvarande for ekstraordinære generalforsamlingar.
§ 5-12 første ledd tredje punktum skal lyde:
Har tingretten innkalla generalforsamlinga, skal retten peike ut den som skal opne møtet, og den avgjerda kan ikke ankast.
§ 5-17 tredje ledd første punktum skal lyde:
Møteleiaren og minst ein annan person som generalforsamlinga skal velje mellom dei som er til stades, skal signere protokollen.
§ 6-4 a skal lyde:
§ 6-4 a. Krav til kjønnssamansetjing i styret
(1) Føresegnene i denne paragrafen gjeld for bustadbyggjelag som på balansedagen for årsrekneskapen anten har:samla driftsinntekter og finansinntekter på meir enn 50 millionar kroner,fleire enn 30 tilsette, som skal reknast likt som etter § 6-4, ellermeir enn 500 andelseigarar.
(2) Kjønnssamansetjinga i styret skal oppfylle følgjande krav:Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
(3) Andre ledd gjeld tilsvarande for varamedlemmer.
(4) Får eit lag plikt til å oppfylle krava til kjønnssamansetjing, skal styret seinast ein månad etter første etterfølgjande ordinære generalforsamling oppfylle krava til kjønnssamansetjing etter andre og tredje ledd.
(5) For styremedlemmer som dei tilsette skal velje etter § 6-4, gjeld krava til kjønnssamansetjing i § 6-4 b.
(6) Departementet kan i forskrift gi føresegner om kva som skal reknast som driftsinntekter og finansinntekter etter første ledd nr. 1.
Ny § 6-4 b skal lyde:
§ 6-4 b. Krav til kjønnssamansetjing for styremedlemmer valde av og blant dei tilsette
(1) Dersom det skal veljast to eller fleire styremedlemmer etter § 6-4, kan ikkje alle desse styremedlemmene ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer. Første og andre punktum gjeld ikkje dersom meir enn 80 prosent av det samla talet på dei tilsette i laget på det tidspunktet valet skjer, har same kjønn.
(2) For lag med fleire enn 200 tilsette, skal kjønnssamansetjinga blant styremedlemmer som skal veljast av dei tilsette etter § 6-4, oppfylle krava i § 6-4 a andre og tredje ledd, likevel slik at om det blir valt to styremedlemmer etter § 6-4, kan ikkje desse ha same kjønn. Talet på tilsette skal reknast likt som etter § 6-4.
§ 6-17 første ledd skal lyde:
(1) Styreleiaren avgjer om sakene skal behandlast i fysisk møte eller på annan måte.
§ 6-26 tredje ledd første og annet punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av styremedlemmene som har vore med på behandlinga i styret. Har styret minst fem medlemmer, og er vedtak gjort i møte, kan styret velje to til å signere.
Ny § 8-7 skal lyde:
§ 8-7. Berekraftsrapportering
(1) I føretak som har plikt til å utarbeide berekraftsrapportering etter regnskapsloven § 2-3, skal revisor attestere berekraftsrapporteringa. Generalforsamlinga kan i staden velje ein annan revisor til å attestere berekraftsrapporteringa eller ein uavhengig tilbydar av attestasjonstenester dersom det er høve til dette etter revisorloven § 1-3. Generalforsamlinga skal godkjenne godtgjersla.
(2) Den som attesterer berekraftsrapporteringa, skal for kvart rekneskapsår gi ei attestasjonsmelding om berekraftsrapportering etter revisorloven § 9-7 a til generalforsamlinga. Meldinga skal vere styret i hende seinast to veker før den ordinære generalforsamlinga.
(3) §§ 8-3, 8-4 og 8-6 gjeld tilsvarande for den som er vald til å attestere berekraftsrapporteringa etter første ledd.
§ 9-9 andre ledd skal lyde:
(2) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.
§ 9-9 skal lyde:
§ 9-9.Kreditorvarsel
Føretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om samanslåing i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i laga om at eventuelle motsegner mot samanslåinga må meldast til laget innan seks veker frå siste kunngjering.
§ 9-13 fjerde ledd skal lyde:
Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.
§ 9-13 fjerde ledd skal lyde:
(4) Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets kostnad i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon.
§ 10-4 andre ledd skal lyde:
(2) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.
§ 10-4 første ledd skal lyde:
(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse laget i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til laget varslast om at dei må melde sine krav til avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa, og om at krav som blir melde etter at overskot er utdelt, ikkje vil bli dekte, om dei ikkje alt er kjende for avviklingsstyret. Namn og adresse til leiaren av avviklingsstyret skal gå fram av kunngjeringa.
Annet ledd oppheves. Nåværende tredje ledd blir nytt annet ledd.
§ 10-15 andre ledd skal lyde:
(2) Har laget ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og i kortform i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av laget er oppfylte, og at laget har ein frist på fire veker frå kunngjeringa i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.
§ 10-15 første ledd første og andre punktum skal lyde:
Når vilkåra i § 10-14 første ledd nr. 1 til 3 er oppfylte, skal Føretaksregisteret sende laget varsel om det. I tilfelle som nemnde i § 10-14 første ledd nr. 4 skal Rekneskapsregisteret sende varselet.
§ 10-15 annet ledd skal lyde:
(2) Har laget ikkje retta tilhøvet når fristen går ut, skal Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra for oppløysing av laget er oppfylte, og at laget har ein frist på fire veker frå kunngjeringa til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen ikkje blir halden, skal også opplysast.
§ 10-16 første ledd skal lyde:
(1) Er varsel til laget kunngjort etter § 10-15 andre ledd, og laget ikkje har retta tilhøvet innan fristen i kunngjeringa, skal Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret varsle tingretten om dette.
§ 11-7 første ledd oppheves. Nåværende annet ledd blir første ledd.
§ 12-2 annet og tredje ledd skal lyde:
(2) Orskurdar og vedtak som tingretten gjer etter lova her, kan ankast.
(3) Anke etter andre ledd kan ikkje grunnast på at avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 5-24 til 5-26.
4. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal § 1-4 lyde:
Forbod mot diskriminering
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion eller livssyn. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad. Ved slik diskriminering gjeld diskrimineringsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til homofil orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad.
(3) Dersom det ligg føre omstende som gir grunn til å tru at det har funne stad diskriminering i strid med andre ledd, skal slik diskriminering leggjast til grunn som bevist, om ikkje den som har utført handlinga gjer det sannsynleg at diskriminering likevel ikkje har funne stad.
(4) Om skadebotansvar for ulovleg diskriminering etter andre ledd gjeld vanlege skadebotreglar.
(5) Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal føre tilsyn med og medverke til gjennomføring av andre ledd, jf. diskrimineringsombudsloven.
35. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal ny § 6-4 a lyde:
§ 6-4 a.Krav om representasjon av begge kjønn i styret
(1) I styret i bustadbyggjelag med meir enn 1 000 andelseigarar på det tidspunktet valet av styremedlemmer skjer skal begge kjønn vere representert på følgjande måte:Har styret to eller tre medlemmer, skal begge kjønn vere representert.Har styret fire eller fem medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst to.Har styret seks til åtte medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst tre.Har styret ni medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst fire, og har styret fleire medlemmer, skal kvart kjønn vere representert med minst 40 prosent.Reglane i nr. 1 til 4 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer.
(2) Første ledd nr. 1 til 5 omfattar ikkje styremedlemmer som skal veljast blant dei tilsette etter § 6-4. Når det skal veljast to eller fleire styremedlemmer som nemnt i første punktum, skal begge kjønn vere representert. Det same gjeld for varamedlemmer. Andre og tredje punktum gjeld ikkje dersom eit av kjønna utgjer mindre enn 20 prosent av det samla talet på tilsette i laget på det tidspunktet valet skjer.
5. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal § 1-4 første og annet ledd lyde:
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion, livssyn eller nedsett funksjonsevne. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad. Ved slik diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven og diskriminerings- og tilgjengelighetsloven.
(2) I vedtektene kan det heller ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til seksuell orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad.
232. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag (bustadbyggjelagslova) skal § 12-1 annet ledd lyde:
Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.
Loven gjelder fra 1. juli 2011.
Loven gjelder fra 1. juli 2011.
I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal ny § 9-14 lyde:
§ 9-14.Fusjon mellom bustadbyggjelag og heileigd dotterselskap
(1) Dersom eit bustadbyggjelag eig alle aksjane i eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, kan styra i foretaka vedta ein fusjonsplan som går ut på at dotterselskapet vederlagsfritt skal overføre eigedelar, rettar og skyldnader under eitt til morforetaket.
(2) For gjennomføringa av fusjonen gjeld aksjelova § 13-23 og allmennaksjelova § 13-24 tilsvarande.
Loven trer i kraft fra 1. juli 2012.
Loven trer i kraft fra 1. juli 2012.
47. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal § 6-7 første ledd annet punktum lyde:
Det same gjeld dersom ein styremedlem blir fråteken rettsleg handleevne eller blir sett i konkurskarantene etter konkursloven §§ 142 og 143.
3. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal § 1-4 lyde:
§ 1-4.Forbod mot diskriminering
I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, etnisitet, religion, livssyn, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad. Ved diskriminering gjeld likestillingsloven, diskrimineringsloven om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelighetsloven og diskrimineringsloven om seksuell orientering.
Loven gjelder fra 1. juli 2013.
Loven gjelder fra 1. juli 2013.
Loven trer i kraft 1. januar 2014.
Loven trer i kraft 1. januar 2014.
194. I lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag skal § 12-1 annet ledd lyde:
(2) Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.195. I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag skal § 13-1 annet ledd lyde:
(2) Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.196. I lov 27. juni 2003 nr. 58 om særlige tiltak mot Republikken Zimbabwe skal § 3 lyde:Ved overtredelse av bestemmelser gitt i medhold av denne lov gjelder §§ 2 og 3 i lov 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindende vedtak av De forente nasjoners sikkerhetsråd tilsvarende.197. I lov 27. juni 2003 nr. 64 om alternativ behandling av sykdom mv. gjøres følgende endringer:
Loven trer i kraft 1. januar 2018.
Loven trer i kraft 1. januar 2018.
Loven trer i kraft 1. januar 2020.
Loven trer i kraft 1. januar 2020.
Kapittel 13 del III blir oppheva.
Loven trer i kraft 1. januar 2021.
Loven trer i kraft 1. januar 2021.
Loven trer i kraft 1. april 2021.
Loven trer i kraft 1. april 2021.
Ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2022.
Ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.). Loven trer i kraft 1. juli 2022.
Private straffesaker etter straffeprosessloven kapittel 28, som er innkommet ved stevning, erklæring eller er til behandling i en domstol før 1. juli 2022, behandles i henhold til reglene i straffeprosessloven kapittel 28 også etter 1. juli 2022. Dette gjelder også ankebehandling.
Følgende trer i kraft 1. november 2024:
Følgende trer i kraft 1. november 2024:
Endringsloven del I (regnskapsloven)
Endringsloven del II (revisorloven) med unntak av § 12-1.
Endringsloven del III (statsforetaksloven)
Endringsloven del IV (aksjeloven)
Endringsloven del V (allmennaksjeloven)
Endringsloven del VI (bustadbyggjelagslova)
Endringsloven del VIII (verdipapirhandelloven)
Endringsloven del IX (samvirkelova)
Endringsloven del X (finansforetaksloven)
Endringsloven del XI (fagskoleloven)
Endringsloven del XII (åpenhetsloven).
§ 9 første ledd skal lyde:
Den som forsettlig eller grovt uaktsomt overtrer bestemmelser i loven eller i medhold av den, straffes med bøter eller fengsel i inntil tre måneder.
§ 9 annet ledd annet punktum oppheves.