§ 9-52 — endringshistorikk

Opplæringsforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-52. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring

På vitnemålet til elevar skal det berre førast standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i samsvar med læreplanar i fag. Ein kan få ført karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse, på vitnemålet.

Dersom ein elev ikkje fullfører eit fag på det nivået der standpunktkarakter skal setjast, er det den halvårsvurderinga med karakter som eleven har fått etter det siste fullførte skoleåret, som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset med ei presisering av at det er halvårsvurderinga med karakter som er brukt.

I eit fag der det er fastsett i læreplanen at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, er det eksamenskarakteren på høgaste nivå som skal førast.

Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2 , er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.

På vitnemålet eller kompetansebeviset til privatistar skal det berre førast eksamenskarakterar. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i eit fag fell bort når ein privatist får eksamenskarakteren ført på vitnemålet eller kompetansebeviset.

Elevar med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurderte etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.

Endra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184 .

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-06-23 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0764
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2026-06-22
Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta.
§ 9-52 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset.