§ 9-31 — endringshistorikk

Opplæringsforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-31. Talet på eksamenar på yrkesfaglege utdanningsprogram

På vidaregåande trinn 1 og vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal om lag 20 prosent av elevane trekkjast ut til eksamen i eitt fag.

På vidaregåande trinn 2 på yrkesfaglege utdanningsprogram skal alle elevar ha tverrfagleg eksamen i programfag.

På programområde for studieførebuande naturbruk skal elevane, i tillegg til eksamen i hovudmålet sitt, trekkjast ut til to eksamenar. Éin av desse skal vere i eit felles programfag.

På programområde for landbruk skal elevane, i tillegg til ein tverrfagleg eksamen, ha eksamen i eitt valfritt programfag.

På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:

a. På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen. b. På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7 , skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.

Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575 .

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-04-02 · Kunnskapsdepartementet · 2025-0339
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-04-02
Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta
§ 9-31 femte ledd skal lyde:
Ny tekst
På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.