§ 9-16 — endringshistorikk

Opplæringsforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-16. Standpunktkarakterar i fag

Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 9-1 .

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.

I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36 – § 9-38 . Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.

Faglærarane set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om at reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde i eit fag, kan rektor krevje at faglæraren gjer ei ny fagleg vurdering før karakteren blir fastsett og ført.

Dersom ein elev ikkje kan få standpunktkarakter i eit fag og eleven har fått varsel etter § 9-7 , skal rektor sjølv gjere vedtak om at det ikkje blir gitt standpunktkarakter i faget.

Endra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-09-08 · Kunnskapsdepartementet · 2025-1156
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2026-01-01
Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta
§ 9-16 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Standpunktkarakterar skal fastsetjast så seint som mogleg.
I fag der eleven er oppe til eksamen, skal standpunktkarakteren fastsetjast seinast dagen før sensur av eksamen. Dette gjeld ikkje der ein elev får meir opplæring etter § 5-2 og samtidig er meld opp til utsett, ny eller særskild eksamen, jf. § 9-36–§ 9-38. Standpunktkarakterane skal då fastsetjast etter endeleg sensur av utsett, ny eller særskild eksamen.
§ 9-16 sjette ledd blir femte ledd, sjuande ledd blir sjette ledd.