Opplæringsforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd , skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.
Det skal nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane. Kvar organisasjon som er med i SRY, har rett til å vere representert i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal. Det skal nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer dei. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om å komme med forslag til nemndmedlemmer.
Yrkesopplæringsnemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane blir nemnde opp for to år om gongen.
Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller bruke prøvenemnda som yrkesutval.
Kommuneloven § 7-2 tredje ledd gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.
Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.