Opplæringsforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget eller faga. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget, men fylkeskommunen kan gjere unntak frå timetalet.
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva. Fylkeskommunen skal så langt det er mogleg sørgje for at kandidatane får meir opplæring i same lærefag som dei har avlagt, eller skulle avleggje, fag- eller sveineprøva i.
Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.