Opplæringsforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd , § 9-49 , § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar.
For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd , med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5 . Dette gjeld likevel ikkje for
a. dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4 b. dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16 c. dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1 , jf. § 9-48 d. dei som har fått dispensasjon etter § 15-7 og § 15-25 , jf. § 9-40 .
Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular.
Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.
Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.