Opplæringsforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Deltakarar og tidlegare deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne og tidlegare deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylte:
a. Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon b. Dei har ikkje hatt opplæring tilsvarande 8. til 10. trinn i Noreg c. Dei har i løpet av opplæringa tilsvarande 8. til 10. trinn hatt rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 19-8 første ledd , jf. § 3-6 d. Dei har eller har hatt rett til forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8 andre ledd , jf. § 6-5 første ledd første punktum i den vidaregåande opplæringa for vaksne.
Regelen i § 9-21 andre ledd gjeld for deltakarar og tidlegare deltakarar i opplæring for vaksne.
Endra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.