§ 10-5 — endringshistorikk

Opplæringsforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 10-5. Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag

Elevar kan klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag. Statsforvaltaren er klageinstans.

Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn om saksbehandlinga og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 9-7 , til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt i samråd med faglæraren.

Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om ikkje å setje standpunktkarakter eller oppheve vedtaket.

Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket, skal skolen sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein karakter eller eit anna vurderingsuttrykk. Statsforvaltaren skal ha kopi av det nye vedtaket.

Endra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988 .

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-10-07 · Kunnskapsdepartementet · 2025-1282
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-09-29
Endr. i opplæringsforskrifta
§ 10-5 andre ledd skal lyde:
Ny tekst
Dersom skolen ikkje gjer nytt vedtak, skal skolen saman med klaga sende ei grunngiving for at det ikkje er sett standpunktkarakter, ei fråsegn om saksbehandlinga og ein kopi av varselet om at karakteren kan falle bort, jf. § 9-7, til klageinstansen. Grunngivinga for at det ikkje er sett karakter, skal vere gitt i samråd med faglæraren.