UiBs studieforskrift
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4) . Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.
(2) Sensurfristen for masteroppgåver er to månader frå innleveringa. Sensurfristen for hovudoppgåva i medisinstudiet (MEDOPPG) og for hovudoppgåva for psykologiprogrammet (PROPSY317) er seks veker.
(3) Fakultetet sjølv kan i mellombels forskrift vedta forlenging av sensurfristen grunna sensormangel, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4) . Universitetsdirektøren kan vedta slik forlenging dersom andre særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. same føresegn.
(4) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.
Endra ved forskrifter 13 juni 2024 nr. 1447 , 27 nov 2025 nr. 2637 (i kraft 17 des 2025).
2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.