De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2023-06-15-1359 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 1-1 (1) bokstav c skal lyde:
gi opplæring i akademisk reielegheit, ytringsfridom og fagkritikk,
§ 1-3 skal lyde:
(1) Organa som har avgjerslemyndigheit etter denne forskrifta, har høve til å delegere myndigheita vidare til underordna organ så lenge det ikkje er presisert at avgjersla må treffast av organet sjølv.
(2) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta. Slike endringar kan berre gjerast etter høyring hjå fakulteta og Studentparlamentet ved UiB. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.
§ 2-1 andre avsnitt skal lyde:
(2) Studieplanar og emneskildringar skal vere i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som er fastset av departementet, med universitets- og høgskuleforskrifta (særleg kapitel 1) og med reglar og retningslinjer frå universitetet.
§ 4-3 (1) bokstav a skal lyde:
oppfylle krav til akademisk reielegheit og integritet,
§ 4-5 skal lyde:
(1) Fakultetet kan trekke tilbake studieretten dersom studenten:ikkje oppfyller krava etter § 4-3 (2) eller § 4-4,ikkje bidrar til å fastsetje utdanningsplan i samsvar med § 4-6 (4),gir melding om at hen ønsker å avslutte studiet,får opptak til eit anna studieprogram ved UiB, og det ikkje er gode faglege grunnar til at fleire studierettar finst parallelt,ikkje består noko studiepoenggivande emne i to semester på rad,på slutten av studieåret har eit etterslep på meir enn halvparten av normert progresjon for studieprogrammet,har gjort maksimalt tal eksamensforsøk i obligatoriske emne utan bestått resultat ellerhar fullført studieprogrammet eller emnet som opptaket gjeld.
(2) Vedtak etter bokstavane e og f i første avsnitt skal ta omsyn til innvilga permisjonar, pausar, deltidsstudium og gyldig fråvær til eksamen eller obligatoriske aktivitetar, og vedtak om utestenging. Fakultetet kan alltid trekke tilbake studieretten for studentar som ikkje har produsert studiepoeng dei siste seks semestera, med mindre studenten har hatt permisjon i heile perioden, jf. § 5-2.
(3) For kliniske og utøvande/skapande studieprogram kan fakultetet i studieplanen og/eller utfyllande reglar fastsette at studieretten kan trekkast tilbake dersom studenten er meir enn to år forsinka samanlikna med normal progresjon.
(4) Den sentrale klagenemnda kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.
§ 4-5 fjerde avsnitt skal lyde:
(4) Nemnd for studentsaker kan vedta utestenging og dermed midlertidig tap av studieretten, jf. universitets- og høgskulelova §§ 12-4 og 12-5.
Ny § 4-7 skal lyde:
§ 4-7.Forstyrrande åtferd
Universitetsdirektøren vedtar åtvaring om bortvising ved grovt forstyrrande åtferd, jf. universitets- og høgskulelova § 12-5 (2).
§ 5-2 (1) a skal lyde:
i høve svangerskap, fødsel og omsorg til barn i samsvar med universitets- og høgskulelova § 10-6 (2).
§ 5-3 (2) skal lyde:
(2) Retten etter første avsnitt gjeld frå semester nummer to. Pause inneber at studieretten knytt til det aktuelle studieprogrammet blir suspendert. Pause blir innvilga for eitt eller to semester om gongen og studieretten blir utvida tilsvarande i tid.
§ 5-4 (1) skal lyde:
(1) Studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilte behov har rett til eigna individuell tilrettelegging av lærestad, undervising, læremidlar og eksamen i samsvar med universitets- og høgskulelova § 10-5.
§ 5-8 (1) skal lyde:
(1) Fakultetet skal godkjenne når søknadsgrunnlaget er norske akkrediterte studium dersom vilkåra er oppfylte, jf. universitets- og høgskulelova § 9-1. Det same gjeld for studium frå ein stat som er part til Lisboakonvensjonen, med mindre det er betydelege skilnader mellom utdanningane, jf. universitets- og høgskulelova § 9-3 (2).
§ 5-9 (1) skal lyde:
(1) Fakultetet kan velje å handsame søknader om godkjenning av annan utdanning og realkompetanse, jf. universitets- og høgskulelova §§ 9-2, 9-3 (1), 9-4 og 9-5.
§ 6-1 (7) skal lyde:
(7) Litteraturlister og timeplanar for emna skal publiserast på universitetet sine nettsider innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Dette gjeld ikkje for tidspunkt for kontinuasjonseksamen, som blir publisert så snart som råd.
§ 6-4 skal lyde:
Undervisinga skal som hovudregel vere på norsk. Det kan gjerast unntak av faglege grunnar som må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer. Det same gjeld når eit emne har innslag av andre undervisingsspråk enn norsk.
§ 7-2 fjerde avsnitt skal lyde:
(4) Alle eksamensarbeid kan supplerast med ein justerande munnleg, praktisk, utøvande og/eller skapande eksamen for alle eller eit utval av studentane. Justerande eksamen inneber at studenten blir prøvd etter at ein bestått førebels karakter er sett, med høve til å bli justert opp eller ned i karakter. Dersom det mellom den endelege karakteren i emnet og den førebelse karakteren i klagerunden er eit spenn på to karakterar eller meir, skal fakultetet kalle studenten inn til ny justerande munnleg eksamen.
Ny § 7-9 skal lyde:
§ 7-9.Fusk
(1) Studenten fuskar dersom hen på eksamen eller ein obligatorisk undervisingsaktivitet forsettleg eller grovt aktlaust bryt:reglane for gjennomføringa av aktiviteten eller eksamenen, ogmed akademiske forventingar.
(2) Handlingar som openbart ikkje er eigna til å gi studenten nokon fordel skal ikkje reknast som fusk.
(3) Reglane for gjennomføring, i første avsnitt, kan mellom anna vere:manglande tilvisingarfiktive tilvisingarå presentere tekst som eige arbeid, når ein ikkje sjølv har laga denikkje tillate samarbeid, hjelparar eller hjelpemiddel (inkludert KI-verktøy),jukselappar og liknande,handlingar som verkar inn på sensor eller fagperson si sensurering eller vurderingfabrikkering eller forfalsking av datafalsk oppmøteregistreringå skaffe seg tilgang til eksamensoppgåva før eksamenen startarandre brot på reglane for aktiviteten eller eksamenen.
§ 8-1 skal lyde:
(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak.
(2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt.
(3) Fakultetet kan i emneskildringa eller i utfyllande regelverk vedta at det ikkje er høve til meir enn to eksamensforsøk og/eller gjennomføringar i emne sominneber praksis,inneber feltarbeid,inneber tokt ellerer utøvande eller skapande.
(4) Fakultetet:kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet,kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten,skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen ogskal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).
§ 8-4 første avsnitt skal lyde:
(1) Når det blir haldt kontinuasjonseksamen som inneber ny eksamensoppgåve for studentar med gyldig fråvær, jf. § 5-6 (2), kan alle studentar med avbrot eller ikkje bestått resultat frå førre vanlege eksamen melde seg opp. Fakultetet kan avgrense retten til å gjelde dei utan bestått resultat i emnet, og også gi andre studentar høve til å melde seg til kontinuasjonseksamen.
§ 9-1 skal lyde:
(1) Fakultetet skal sørge for at studentane vert vurderte på ein upartisk og fagleg trygg måte. Sensor skal vurdere eksamenssvaret ut frå dei delane av læringsutbytet som eksamensoppgåva legg opp til.
(2) Sensur inkluderer plagiatkontroll av innleverte eksamenssvar og studentarbeid. UiB kan lagre og bruke eksamenssvar og studentarbeid (eksemplarframstilling) i forbindelse med plagiatkontroll av framtidige eksamenssvar og arbeid.
(3) Studenten kan ikkje trekke tilbake eksamenssvaret etter gjennomføring.
(4) Sensuren blir kunngjort på Studentweb. Kunngjeringa skal informere om retten til å få grunngiving og til å klage, jf. universitets- og høgskulelova §§ 11-8 til 11-10, og fristane som gjeld. For eksamensformene nemnde i § 7-5 blir sensuren gitt munnleg og med ein gong.
(5) Sensuren skal vere anonym så langt det er fagleg og praktisk mogleg.
(6) Fakultetet skal sørge for at det vert laga sensorrettleiing for alle eksamenar, og at ho blir gjort kjent for studentane. Sensorrettleiinga blir utforma på det språket emneansvarleg vel.
(7) Sensor kan krevje at studentar som har levert uleselege handskrivne eksamenssvar, skal levere ein leseleg kopi. Fristen skal normalt vere to dagar.
§ 9-3 skal lyde:
§ 9-3.Karakterfastsetjing ved eksamen som har fleire delar
(1) Ved deleksamen tar ein utgangspunkt i talverdiane A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. For kvar delkarakterar blir talet multiplisert med teljaren i vektingsbrøken. Produkta blir så summerte og delt på nemnaren (i vektingsbrøken). Dette blir så avrunda etter vanlege reglar.
(2) Fakultetet kan i emneskildringa vedta deleksamen med poeng. Deleksamen med poeng inneber at den endelege karakteren i emnet er basert på ein total poengsum mellom 0 og 100, og kvar eksamensdel har ein på førehand definert maksimal poengsum.
§ 9-5 skal lyde:
(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4).
(2) Universitetsdirektøren kan vedta forlenging av sensurfristen dersom særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.
(3) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.
§ 9-5 skal lyde:
§ 9-5.Sensurfristar
(1) Vanleg sensurfrist er femten verkedagar etter eksamenen blei avslutta, i samsvar med universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Studenten skal få melding om forseinkingar i sensuren og om vedtak om forlenga sensurfrist.
(2) Sensurfristen for masteroppgåver er to månader frå innleveringa. Sensurfristen for hovudoppgåva i medisinstudiet (MEDOPPG) og for hovudoppgåva for psykologiprogrammet (PROPSY317) er seks veker.
(3) Fakultetet sjølv kan i mellombels forskrift vedta forlenging av sensurfristen grunna sensormangel, jf. universitets- og høgskulelova § 11-7 (4). Universitetsdirektøren kan vedta slik forlenging dersom andre særlege grunnar gjer det nødvendig, jf. same føresegn.
(4) Klagesensur skal handsamast utan ugrunna opphald. På emne med mange sensurklagar har fakultetet høve til å vente med å sende eksamenssvara til klagesensorane til klagefristen har gått ut for å sikre lik handsaming av klagane. Klage på formelle feil som kan få følger for fleire eller alle sensurklagane skal reknast som grunna opphald.
§ 9-6 skal lyde:
(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga jf. universitets- og høgskulelova § 11-8. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande for klagesensur.
(2) Fristen for å be om grunngiving for sensuren er éi veke etter kunngjeringa. Fakultetet kan avgjere om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg, og vedta ordningar for dette. For eksamensformene nemnde i § 7-5 må studenten be om grunngiving straks hen har fått karakteren.
§ 9-6 skal lyde:
§ 9-6.Grunngiving
(1) Studenten har rett til å få grunngiving for karakterfastsettinga jf. universitets- og høgskulelova § 11-8. Retten til grunngiving gjeld tilsvarande for klagesensur.
(2) Fristen for å be om grunngiving for sensuren er éi veke etter kunngjeringa. Studenten skal få grunngiving innan to veker frå tidspunktet hen ba om grunngiving. Fakultetet kan avgjere om grunngivinga skal vere skriftleg eller munnleg, og vedta ordningar for dette. For eksamensformene nemnde i § 7-5 må studenten be om grunngiving straks hen har fått karakteren.
§ 9-8 skal lyde:
(1) Fakultetet utnemner sensorar.
(2) I desse tilfella krevst det minst to sensorar:eksamenar som åleine utgjer 15 studiepoengeksamenar som ikkje lar seg etterprøvesensur av bachelorprosjekt,sensur av masterprosjekt, der minst ein av sensorane må vere ekstern ogklagesensur, der minst ein av sensorane må vere ekstern.
(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar setje eigne reglar for talet på sensorar, så lenge dei er strengare enn første avsnitt.
(4) Som ekstern sensor etter andre avsnitt reknar ein den som ikkje er tilsett i hovud- eller bistilling ved UiB på sensurtidspunktet.
§ 9-9 skal lyde:
(1) Ved klagesensur skal klagesensorane ikkje opplysast om karakteren, grunngivinga i den vanlege sensurrunden eller studentens grunngiving for klage (blind klagesensur). Klagesensorane bør få ei revidert sensorrettleiing der den emneansvarlege gjer greie for erfaringane frå den opphavlege sensurrunden.
(2) Dersom det er fråvik på to karakterar eller meir mellom vanleg sensur og klagesensuren, skal fakultetet gjere ei ny vurdering, jf. uhl. § 11-11 (3). I denne deltek ein av dei opphavlege sensorane, ein av klagesensorane og ein tredje sensor utpeika av fakultetet. Slik ny vurdering skal ikkje vere blind.
§ 10-1 første avsnitt skal lyde:
(1) Universitetet tildeler dei gradene som går fram av universitets- og høgskuleforskrifta § 2-13, jf. vedlegg 1.
§ 10-2 første avsnitt skal lyde:
(1) Dersom delar av grunnlaget for ei grad allereie inngår i tildelt grad, krevst det:for bachelorgrader minst 90 nye studiepoeng med ny spesialisering,for integrerte mastergrader minst 120 nye studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt ogfor andre mastergrader minst nye 60 studiepoeng, inkludert eit nytt masterprosjekt.
§ 10-3 skal lyde:
(1) Bachelorgrada blir tildelt på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1. Ho skal ha 180 studiepoeng og inkludere:examen philosophicum, 10 studiepoeng ogspesialisering, minst 90 studiepoeng, som normalt inkluderer eit sjølvstendig arbeid på minst 10 studiepoeng. Kravet om sjølvstende er ikkje til hinder for at fakultetet kan fastsetje i emneskildringa at to eller fleire studentar kan eller skal samarbeide om eit bachelorprosjekt.
(2) Bachelorgrader i utøvande og skapande kunst, musikk og design er på 180 eller 240 studiepoeng. Dei blir tildelte på grunnlag av samansetjing vedteken i samsvar med §§ 2-2 og 3-1.
§ 10-4 skal lyde:
§ 10-4.Samansetjing av mastergrad
(1) Universitetet i Bergen gir mastergrader med den normerte studietida og innhald som går fram i universitets- og høgskuleforskrifta §§ 2-6 til 2-11.
(2) Graden master kan berre tildelast studentar som har fullført eit masterprosjekt.
(3) Masterprosjektet skal vere eit sjølvstendig vitskapleg eller kunstnarisk arbeid på mellom 30 og 60 studiepoeng, utarbeidd under rettleiing. Fakultetet kan i emneskildringa vedta at to eller fleire studentar kan samarbeide om masterprosjektet.
(4) Integrerte masterprogram skal ha krav om examen philosophicum. Masterprosjektet i eit integrert masterprogram kan vere på 20 studiepoeng, jf. universitets- og høgskuleforskrifta § 2-8.
(5) Masterprosjektet er i utgangspunktet offentleg og ope for innsyn, med dei avgrensingar som følger av teieplikta (forvaltingslova § 13 med vidare), forskingsetiske omsyn og vedtak om klausulering. Fakultetet vedtar i første rekke om eit masterprosjekt er underlagt teieplikt, og etter grunngiven søknad om eit prosjekt skal underleggast tidsavgrensa klausulering på maksimalt fem år. Universitetet i Bergen skal ikkje inngå avtalar om hemmeleghald som avgrensar studentens rett til sensur.