UiBs studieforskrift
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Studieåret er på ti månader og delt inn i eit haust- og eit vårsemester.
(2) Undervising og eksamen i eit emne skal gjennomførast innanfor det semesteret det høyrer til. Fakultetet kan gjere unntak i studieplanar for studieprogram der undervisinga er organisert i bolkar.
(3) Det er undervisings- og eksamensfri
a. frå 23. desember til 2. januar b. på heilagdagar.
(4) Det kan gjerast unntak frå tredje avsnitt for konsertar, utstillingar, tokt, feltarbeid, praksis og liknande, inkludert førebuingar.
(5) Heimeeksamen skal normalt ikkje gå over heilagdag. Dersom heimeeksamen går over heilagdag, skal lengda forlengast tilsvarande.
(6) Det er undervisings- og eksamensfri mellom semestera, med mindre faglege omsyn talar for det motsette. Likevel slik at desse aktivitetane kan gjennomførast mellom semestera:
a. undervising og eksamen i samband med forkurs som kvalifiserer for studieprogram, b. språkkurs, c. feltarbeid, d. praksis, e. vidareutdanning og f. kontinuasjonseksamenar, jf. § 5-6 (2).
(7) Litteraturlister og timeplanar for emna skal publiserast på universitetet sine nettsider innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Dette gjeld ikkje for tidspunkt for kontinuasjonseksamen, som blir publisert så snart som råd.
Endra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447 .
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.