§ 6-9 — endringshistorikk

Våpenforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 6-9. Krav til utferding av fråsegn ved utlån av skytevåpen og våpendelar

Den som lånar ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til andre, skal gje mottakar ein skriftleg fråsegn om utlånet med følgjande innhald:

  1. långjevar og låntakar sine namn og adresser,
  2. nummer og namn på utferdande mynde på långjevar og låntakar sitt våpenløyve,
  3. våpentype, kaliber, fabrikkmerke og nummer på dei skytevåpen eller våpendelar som lånast ut,
  4. kva skytevåpena eller våpendelane skal brukast til, og
  5. tidsrommet skytevåpena eller våpendelane er låna ut.

Fråsegna om utlån saman med løyvet til å ha den aktuelle våpentypen gjeld som våpenkort.

Krava til fråsegn etter våpenlova § 18 gjeld ikkje for utlevering av skytevåpen eller våpendelar til godkjent tilverkar, børsemakar eller våpenhandlar i samband med reparasjon, ombygging eller kommisjonssal, samt ved kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.

Endra ved forskrift 9 feb 2024 nr. 275 (i kraft 1 mars 2024).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2024-02-16 · Justis- og beredskapsdepartementet · 2024-0177
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-03-01
Endr. i våpenforskrifta
§ 6-9 andre ledd skal lyde:
Ny tekst
Fråsegna om utlån saman med løyvet til å ha den aktuelle våpentypen gjeld som våpenkort.