§ 6-7 — endringshistorikk

Våpenforskrifta

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 6-7. Krav til transport og sending av skytevåpen og ammunisjon

Den som transporterar skytevåpen på offentleg stad kan ikkje bære skytevåpenet i hylster eller liknande, som er festa til kroppen på ein slik måte at det gjev rask tilkomst til skytevåpenet.

Den som transporterar skytevåpen eller ammunisjon etter våpenlova § 20 i motorvogn skal ha skytevåpen og ammunisjon under forsvarleg tilsyn. Skytevåpen eller ammunisjon som transporterast i motorvogn kan likevel forlatast utan forsvarleg tilsyn når skytevåpen og ammunisjon er pakka og skjult og motorvogna er låst, eller når vital del av skytevåpen er fjerna.

Ved sending av løyvepliktige skytevåpen skal skytevåpenet tryggast slik at det ikkje kan brukast. Skytevåpenet kan enten tryggast med kammerlås eller liknande innretning, eller ved å sende ein vital våpendel i eiga sending. Ammunisjon skal ikkje pakkast saman med eit komplett skytevåpen.

Den som skal sende eller transportere ammunisjon må i tillegg til krava som er fastsett i andre og tredje ledd også oppfylle krava til transport eller sending av eksplosivar etter brann- og eksplosjonsvernlova .

Føresegnene i første og andre ledd gjeld ikkje for Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om transport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.

Endra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2021-07-01 · Justis- og beredskapsdepartementet · 2021-1283
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2021-07-01
Endr. i våpenforskrifta
§ 6-7 femte ledd annet punktum skal lyde:
Ny tekst
Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om transport av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på Svalbard.