§ 2-2 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-2. Opptaksgrunnlag masterutdanning

(1) For opptak til masterprogram gjeld mastergradsforskrifta § 3 , § 4 , og § 5 og eventuelle rammeplanar.

(2) Nærare krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen, jf. § 2 i mastergradforskrifta.

(3) For opptak til 2-årig masterprogram etter § 3 i mastergradforskrifta gjeld følgjande:

a. Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Universitetet kan krevje inntil fire semester høgre utdanning i tillegg til bachelorgrada, i tråd med GSU-lista. b. Søkjarar må dokumentere ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng relevant for studiet dei søkjer opptak til. c. Fakultetet sjølv fastset kva emne ved UiB som inngår i den faglege fordjupinga. Dette skal gå fram av studieplanen. d. I heilt spesielle tilfelle kan annan dokumentert kompetanse godkjennast som heilt eller delvis likeverdig med kravet i b), føresett at søkjaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet. Nærare føresegn om kva utdanningar dette kan gjelde for er gitt i utfyllande retningslinjer for opptak til UiB. e. Emna som utgjer den faglege fordjupinga skal ha eit vekta snitt på karakteren C, altså 2,50 eller høgare (kvalifiseringskravet), jf. retningslinjene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4 .

(4) Fakultetet kan i studieplanen fastsetje eit høgare kvalifiseringskrav, i samråd med fagmiljøa.

(5) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.

(6) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58 .

Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 20 feb 2020 nr. 180 (i kraft 1 mars 2020), 16 juni 2022 nr. 1469 , 2 mai 2024 nr. 1446 .

Endringer

6 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2024-07-02 · Kunnskapsdepartementet · 2024-0796
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-05-02
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 (3) bokstav e skal lyde:
Ny tekst
Emna som utgjer den faglege fordjupinga skal ha eit vekta snitt på karakteren C, altså 2,50 eller høgare (kvalifiseringskravet), jf. retningslinjene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.
Publisert 2024-07-02 · Kunnskapsdepartementet · 2024-0796
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-05-02
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 (4) til (6) skal lyde:
Ny tekst
(4) Fakultetet kan i studieplanen fastsetje eit høgare kvalifiseringskrav, i samråd med fagmiljøa.
(5) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.
(6) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58.
Publisert 2022-08-24 · Kunnskapsdepartementet · 2022-1133
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2022-06-16
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 (3) bokstav a skal lyde:
Ny tekst
Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Universitetet kan krevje inntil fire semester høgre utdanning i tillegg til bachelorgrada, i tråd med GSU-lista.
Publisert 2022-08-24 · Kunnskapsdepartementet · 2022-1133
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2022-06-16
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 (4) skal lyde:
Ny tekst
(4) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.
Publisert 2020-02-25 · Kunnskapsdepartementet · 2020-0174
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2020-03-01
Endr. i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 tredje ledd gjeldande bokstav c, c og d blir ny bokstav c, d og e.
Ny tekst
I § 5-4 første ledd bokstav a vert det lagt til nytt tredje og fjerde punktum:
Dersom utrekninga gir meir enn to desimalar, skal alle frå og med den fjerde desimalen strykast. Ein eventuell tredje desimal vert nytta til å høgne den andre desimalen, etter vanlege reknereglar.
Publisert 2019-12-19 · Kunnskapsdepartementet · 2019-1184
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2020-01-01
Endr. i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
§ 2-2 tredje ledd bokstav d skal lyde:
Ny tekst
Emna som utgjer den faglege fordjupinga, skal ha eit vekta gjennomsnitt på minimum karakteren C (3,0) eller betre, etter retningslinene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.