Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Universitetet i Bergen er som hovudregel generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 2 . Hovudregelen gjeld ikkje opptak til masterprogram eller for dei utdanningane som er omfatta av kapittel 3 i forskrift om opptak til høgare utdanning .
(2) Søkjarar til masterprogram må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning , jf. § 2-2 .
(3) For opptak til engelskspråklege studieprogram eller studieretningar gjeld ikkje norskkravet i forskrift om opptak til høgre utdanning.
(4) Søkjarar til engelskspråklege masterprogram må dokumentere engelskkunnskapar på høgre nivå med eitt av følgjande alternativ:
a. Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar), eller utdanning av minst same omfang frå ein stat som er part til Lisboakonvensjonen. Vurderinga av same omfang tar utgangspunkt i at engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule bygger på 10 år med engelsk frå grunnskulen. b. International English Language Testing Service (IELTS) med minimum score 6.5 på alle delprøver. c. Test of English as a Foreign Language (TOEFL), minst 90 poeng for Internet-based test (IBT). d. PTE Academic Pearson Test of English (PTE), med minst 62 poeng. e. Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. f. Enkeltstudium kan fastsetje strengare krav til engelskkunnskapar i den aktuelle studieplanen.
(5) Søkjarar til tospråklege masterprogram eller studieretningar, må dokumentere språkkunnskapar etter reglane som gjeld for norskspråklege program eller for engelskspråklege program. For framandspråklege masterprogram, som ikkje har undervisning på norsk eller engelsk, kan eigne språkkrav fastsetjast i studieplanen.
(6) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav for opptak til masterprogram.
(7) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav i form av opptaksprøver til studium i utøvande og skapande kunst, musikk og design, jf. § 5-3 (2). Opptaksprøver er berre gyldige det året dei vert haldne.
(8) Dersom ein student er avskore frå vurdering i eit obligatorisk emne i studieprogrammet skal han nektast opptak. Fakultetet kan vedta at det ikkje er høve til å bli tatt opp til same studieprogram fleire gonger.
Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469 , 2 mai 2024 nr. 1446 .
6 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.