Økonomiforskrift til privatskolelova
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Revisor skal stadfeste elevtalet på skolen og samstundes kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 4-1 , § 4-2 , § 4-6 , § 4-7 og § 8-6 . Stadfestinga av elevtalet skal gjerast ved særattestasjon og etter rutinar utarbeidde av Utdanningsdirektoratet.
Revisor skal sende revisor sitt brev med påpeikingar frå rekneskapsrevisjonen til Utdanningsdirektoratet samstundes med at brevet blir sendt til skolen.
Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein privatskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1 , skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.
Utdanningsdirektoratet kan også krevje andre stadfestingar eller opplysningar frå revisor enn dei som er nemnde i denne paragrafen.
Endra ved forskrifter 11 des 2020 nr. 2746 , 11 nov 2025 nr. 2261 .
2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.