De registrerte datoene er ikke verifisert ikrafttredelse. En dato kan være kunngjøringsdato brukt som reserve når virkningstidspunktet ikke er avklart. Kontroller tidspunkt og eventuelle vilkår i kilden.
📡 Siste registrerte kunngjøringer for dokumentet: Atom-feed · 🔍 Se gjeldende tekst: forskrift/2018-09-01-1295 · 📜 Eldre, uverifisert rekonstruksjon: git-logg
§ 1-1 skal lyde:
Denne forskrift gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova og skolar som driv verksemd etter privatskolelova.
Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den einskilde skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med privatskolelova og føresetnadene for godkjenninga.
§ 2-1 første ledd første punktum skal lyde:
Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole.
§ 3-1 første ledd første punktum skal lyde:
Innskotskapitalen etter privatskolelova § 2-2 andre ledd skal ikkje brukast før skolen har fått vedtak om godkjenning.
§ 3-2 andre ledd skal lyde:
Nye privatskolar kan bruke det avrekna statstilskotet for juli månad til å dekkje oppstartskostnader som er kome på frå og med januar i det kalenderåret skolen startar opp, eller frå tidspunktet for godkjenning dersom den kjem seinare.
§ 3-3 skal lyde:
Før ny skole får utbetalt tilskot etter § 4-8 og kan starte skoledrifta, må Utdanningsdirektoratet godkjenne ein søknad om driftsløyve. Fristen for å søke om driftsløyve er 15. juni det året skolen ønsker å starte opp drifta etter friskolelova. Utdanningsdirektoratet kan fastsetje vilkår for driftsløyve.
§ 3-3 andre punktum skal lyde:
Fristen for å søke om driftsløyve er 15. juni det året skolen ønsker å starte opp drifta etter privatskolelova.
§ 4-1 skal lyde:
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.
For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.
§ 4-1 nytt tredje til sjette ledd skal lyde:
Skolane får utbetalt høgare tilskotssats for dei 45 første elevane.
Skolar med både barne- og ungdomstrinn får utbetalt høgare tilskotssats for dei første 45 elevane ved skolen samla sett. Den høgare tilskotssatsen blir utbetalt for dei 45 første elevane på ungdomstrinnet. Dersom ein skole har færre enn 45 elevar på ungdomstrinnet, får skolen høgare tilskotssats på barnetrinnet for resterande elevar opp til 45 elevar totalt.
For skoleåret 2024–25 får skolane kompensert 4/5 av differansen mellom gammal og ny modell, og kompensasjonen vert redusert med 1/5 kvart år slik at ny tilskotsmodell er fullt innfasa frå skoleåret 2028–29. Elevtalet 1. oktober 2024 dannar grunnlaget for berekninga i overgangsordninga.
For å medverke til at privatskolar som ligg langt unna næraste offentlege tilbod, og som får redusert tilskot som følgje av endra utrekningspraksis for private kombinerte barne- og ungdomsskolar, kan halde fram drifta, blir det innført eit søknadsbasert distriktstilskot. Skolar med både barne- og ungdomstrinn som i innføringsåret får redusert tilskot som følgje av endra berekningspraksis, og som kan dokumentere meir enn 10 km reiseveg til næraste offentlege skole, kan søkje om distriktstilskot. Tilskotsforvaltar fastsett søknadsfrist og krav til kva søknaden skal innehalde.
§ 4-1 femte ledd skal lyde:
For skoleåret 2024–2025 får skolane kompensert 4/5 av differansen mellom gammal og ny modell, og kompensasjonen vert redusert med 1/5 kvart år slik at ny tilskotsmodell vert fullt innfasa i løpet av haustsemesteret 2028. Elevtalet 1. oktober 2024 dannar grunnlaget for berekninga i overgangsordninga.
§ 4-1 skal lyde:
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.
For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.
Skolane får utbetalt høgare tilskotssats for dei 45 første elevane.
Skolar med både barne- og ungdomstrinn får utbetalt høgare tilskotssats for dei første 45 elevane ved skolen samla sett. Den høgare tilskotssatsen blir utbetalt for dei 45 første elevane på ungdomstrinnet. Dersom ein skole har færre enn 45 elevar på ungdomstrinnet, får skolen høgare tilskotssats på barnetrinnet for resterande elevar opp til 45 elevar totalt.
For skoleåret 2024–2025 får skolane kompensert 4/5 av differansen mellom gammal og ny modell, og kompensasjonen vert redusert med 1/5 kvart år slik at ny tilskotsmodell vert fullt innfasa i løpet av haustsemesteret 2028. Elevtalet 1. oktober 2024 dannar grunnlaget for berekninga i overgangsordninga.
§ 4-2 første og andre ledd skal lyde:
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.
For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.
§ 4-2 femte ledd skal lyde:
For vidaregåande skolar som driv særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med dokumenterte behov skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.
§ 4-3 andre ledd skal lyde:
Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.
§ 4-3 skal lyde:
§ 4-3.Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
Skolane får tilskot etter ein av følgjande satsar:Sats for nokså ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med nedsett funksjonsevne og lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente.Sats for særleg ressurskrevjande elevar: Satsen blir brukt som grunnlag for tilskot til skolar som har elevar med sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar. Den nedsette funksjonsevna og lærevanskane skal vere langvarige eller permanente. Elevane som blir omfatta av denne satsen må ha eit stort behov for oppfølging for å kunne meistre opplæringssituasjonen.
Kva for ein sats skolen skal ha tilskot etter, kjem fram i vedtaket om godkjenning etter privatskolelova.
§ 4-8 tredje ledd skal lyde:
For nye skolar blir tilskot utbetalt etter at kravet til driftsløyve i § 3-3 er oppfylt. Dersom dette kravet ikkje er oppfylt innan 15. juni det året skolen skal starte opp, vil tilskot bli utbetalt frå og med månaden etter kravet blir oppfylt.
§ 4-8 andre ledd første punktum skal lyde:
Statstilskotet etter privatskolelova § 6-1 blir utbetalt månedleg.
§ 5-1 fjerde og femte ledd skal lyde:
I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane ta inntil 3 400 kr per år for elevar i grunnskolen og inntil 4 500 kr per år for elevar i den vidaregåande skolen for å dekkje utgifter til husleige eller kapitalkostnader, jf. privatskolelova § 6-2 første ledd.
Grunn- og vidaregåande skolar for funksjonshemma elevar kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 andre ledd.
§ 5-1 femte ledd skal lyde:
Grunn- og vidaregåande skolar for elevar med dokumenterte behov kan ikkje ta skolepengar, med mindre skolen har søkt og fått innvilga unntak etter privatskolelova § 6-2 tredje ledd.
§ 6-1 første ledd første punktum skal lyde:
Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggsverksemd skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter privatskolelova og skal kome elevane til gode.
§ 8-1 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Årsberetninga må minst innehalde andre, femte, sjuande, åttande og niande ledd i regnskapslova § 3-3a.
§ 8-1 andre ledd første punktum skal lyde:
Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter privatskolelova, skal førast i rekneskapen.
§ 8-1 tredje ledd skal lyde:
Skolen skal kvart år innan ein frist fastsett av departementet, sende inn årsrekneskap, årsberetning, revisjonsberetning og opplysningar som underbyggjer rekneskapen til skolen til departementet. Årsberetninga må minst innehalde andre, femte, åttande, niande og tiande ledd i regnskapsloven § 2-2. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen òg sende inn avdelingsrekneskap. Rapporteringa skal skje på eit standardisert skjema fastsett av departementet.
§ 8-4 første ledd skal lyde:
§ 8-4.Særskilde fråsegner frå revisor
Revisor skal stadfeste elevtalet på skolen og samstundes kontrollere om elevtalet er gitt i samsvar med den dokumentasjonen som blir kravd etter § 4-1, § 4-2, § 4-6, § 4-7 og § 8-6. Stadfestinga av elevtalet skal gjerast ved særattestasjon og etter rutinar utarbeidde av Utdanningsdirektoratet
§ 8-4 tredje ledd skal lyde:
Dersom revisor seier frå seg revisjonsoppdraget for ein privatskole som følgje av at revisoren har avdekt vesentlege brot på lov og forskrifter, jf. revisorloven § 7-1, skal revisor utan ugrunna opphald varsle Utdanningsdirektoratet. Det skal grunngjevast kvifor revisor seier frå seg oppdraget.
§ 8-5 skal lyde:
Styret pliktar å gjere revisor kjend med privatskolelova, forskrifter gitte med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet.
§ 8-6 første ledd skal lyde:
Styret er ansvarleg for at skolen har tilstrekkeleg dokumentasjon for at privatskolelova, forskrifter heimla i lova og føresetnadene for godkjenninga er følgde.
§ 9-2 andre ledd skal lyde:
Når skoledrifta blir lagd ned, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad godkjenne at eigedelar og midlar blir overførte til ei anna skoleverksemd etter friskolelova. Overføring kan ikkje skje til skolar som er godkjende etter friskolelova § 6A-1.
§ 9-2 andre ledd skal lyde:
Når skoledrifta blir lagd ned, kan Utdanningsdirektoratet etter søknad godkjenne at eigedelar og midlar blir overførte til ei anna skoleverksemd etter privatskolelova. Overføring kan ikkje skje til skolar som er godkjende etter privatskolelova § 6A-1.
§ 10-1 Lovbrotsgebyr skal lyde:
Departementet kan ileggje skolar godkjende etter privatskolelova lovbrotsgebyr dersom skolen eller nokon som opptrer på vegner av skolen, forsettleg eller aktlaust bryt føresegner i:kapittel 3 om oppstart§§ 4-6 og 4-7 om rapportering av elevtal for grunnskolane og vidaregåande skolarkapittel 5 om skolepengarkapittel 6 om bruk av statstilskot m.m.kapittel 8 om rekneskap, revisjon og dokumentasjon, med unntak av § 8-4 om særskilde fråsegner frå revisorkapittel 9 om krav ved nedlegging av skoledrifta.
Ved vurderinga av ilegging og utmåling av lovbrotsgebyr kan det også leggjast vekt på om det er oppdaga forhold i strid med andre lover og forskrifter, dersom forholdet svekkjer tilliten til skolen.
Lovbrotsgebyret skal ikkje vere høgare enn tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3 G).
Kapittel 3 skal lyde:
§ 3-1.Krav til bruken av innskotskapitalen
Innskotskapitalen etter friskolelova § 2-2 andre ledd skal ikkje brukast før skolen har fått vedtak om godkjenning. Deretter kan innskotskapitalen brukast til å dekkje oppstartskostnader, jf. § 3-2.
Så lenge skolen er i drift, skal innskotskapitalen kome elevane til gode. Dersom skoledrifta blir lagt ned, skal innskotskapitalen disponerast i samsvar med § 9-2.
§ 3-2.Oppstartskostnader
Oppstartskostnader er alle kostnader som er kome på før den månaden som skolen tek imot den første utbetalinga av statstilskotet. Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd eller inntekter frå tilleggverksemd kan ikkje brukast til å dekkje oppstartskostnader, jf. likevel andre og tredje ledd.
Nye friskolar kan bruke det avrekna statstilskotet for juli månad til å dekkje oppstartskostnader som er kome på frå og med januar i det kalenderåret skolen startar opp, eller frå tidspunktet for godkjenning dersom den kjem seinare.
Skolane kan bruke framtidige statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd til å dekkje enkelte oppstartskostnader til varige driftsmiddel med låg verdimink som er kome til i nær tid til skoledrifta.
§ 3-3.Driftsløyve
Før ny skole får utbetalt tilskot etter § 4-8 og kan starte skoledrifta, må Utdanningsdirektoratet godkjenne ein søknad om driftsløyve. Utdanningsdirektoratet kan fastsetje vilkår for driftsløyve.
Dersom vilkåra for driftsløyve blir oppfylt mellom 15. juni og 1. juli, kan Utdanningsdirektoratet i særlege tilfelle godkjenne at tilskot skal reknast frå juli.
Overskrifta til § 4-3 skal lyde:
§ 4-3.Tilskot til skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
Nytt Kapittel 10. Lovbrotsgebyr (plasseres i forskriftens femte del «Diverse»):
Nåværende kapittel 10 og § 10-1 om ikraftsetting og oppheving av tidligere forskrift blir nytt kapittel 11 og ny § 11-1.