§ 4-2 — endringshistorikk

Økonomiforskrift til privatskolelova

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 4-2. Grunnlag for utrekning av statstilskot i vidaregåande skolar

Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3 , og dette må kunne dokumenterast.

For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1 .

Elevar med fråvær utover 20 skoledagar per 1. oktober eller 1. april som ikkje kan dokumentere fråværet sitt etter § 4-4 , skal ikkje reknast som å ha følgt opplæringa, og utløyser ikkje tilskot. Fråvær frå einskildtimar skal reknast om til heile dagar med utgangspunkt i timetalet i eleven sitt programområde. For deltidselevar skal talet på tillatne fråværsdagar reduserast prosentvis i samsvar med eleven sitt timetal.

Opplæring utover minstekrava i eleven sitt programområde er ikkje å rekne som tilskotsberettiga.

For vidaregåande skolar som driv særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med dokumenterte behov skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.

Endra ved forskrifter 15 juni 2022 nr. 1024 , 17 juni 2024 nr. 1048 (i kraft 1 aug 2024).

Endringer

2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2024-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2024-0620
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-08-01
Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta mfl.
§ 4-2 femte ledd skal lyde:
Ny tekst
For vidaregåande skolar som driv særskilt tilrettelagt opplæring for elevar med dokumenterte behov skal tilskotsberettiga elevtal per 1. oktober leggjast til grunn når tilskotet skal fastsetjast, dersom elevtalet per 1. april er lågare enn det var 1. oktober.
Publisert 2022-06-15 · Kunnskapsdepartementet · 2022-0798
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2022-06-15
Forskrift om endring i økonomiforskrift til friskolelova
§ 4-2 første og andre ledd skal lyde:
Ny tekst
Statstilskot reknast ut på grunnlag av talet på tilskotsberettiga elevar. Elevane må ha følgt den godkjende opplæringa, jf. privatskolelova § 2-3, og dette må kunne dokumenterast.
For å kunne reknast som tilskotsberettiga elev, må eleven oppfylle krava til inntak etter privatskolelova § 3-1.