Opplæringslova
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Kommunen skal ha tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for elevar på 1. til 4. trinn og for elevar med særlege behov på 1. til 7. trinn. Kommunen kan krevje at foreldra dekkjer kostnadene til skolefritidsordninga.
Elevar på 1. til 3. trinn har rett til 12 timar gratis skolefritidsordning per veke.
Kommunen skal leggje til rette for leik og kultur- og fritidsaktivitetar i skolefritidsordninga. Aktivitetane skal vere tilpassa alderen, funksjonsevna og interessene til barna. I skolefritidsordninga skal barna få omsorg og bli passa godt på, og barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.
Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor vere leiar. Kommunen kan gjere unntak frå kravet.
Kommunen kan nytte private til å drive skolefritidsordninga.
Kommunen gir forskrift om skolefritidsordninga. Forskrifta skal ha reglar om
a. eigarforhold b. kven som er opptaksmyndigheit c. opptakskriterium d. opptaksperiode og oppseiing e. foreldrebetaling f. leike- og opphaldsareal g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid h. personale og leiing.
Departementet kan gi forskrift om retten til skolefritidsordning, gratis skolefritidsordning, moderasjonsordningar og innhald i og oppgåver for skolefritidsordninga.
Endra ved lov 13 feb 2026 nr. 6 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 13 feb 2026 nr. 197 ).
3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.