Opplæringslova
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3 kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 .
Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.
Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1 . Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det.
Dersom den som behandlar ein søknad om godkjenning, oppdagar at ein søkjar har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.
Endra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407 ).
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.