§ 6-23 — endringshistorikk

Jordskiftelova – jskl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 6-23. Avgjerdsformer

Ved dom tek jordskifteretten avgjerd om grenser, eigedomsrett, rettar og anna.

Ved orskurd tek retten avgjerd

a. når ei sak skal avvisast fordi formelle vilkår for å ta opp saka ikkje er oppfylte b. når ei sak av andre grunnar blir avslutta utan realitetsavgjerd c. ved tvist om bevis d. når det er fastsett i lov at retten skal bruke orskurd.

Avgjerd om saksbehandlinga skal treffast som vedtak når det ikkje i lov er fastsett at avgjerda skal vere orskurd.

Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd om

a. vilkåra for jordskifte i §§ 3-2 , 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, samt sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9 b. verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og andre jordskifteløysingar undervegs i saka som ikkje er nemnde annan stad i leddet her c. merking og måling også når dette arbeidet er utsett til etter at saka er avslutta d. skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten e. reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid f. fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30 g. sakskostnader etter § 7-6 , og h. den endelege jordskifteløysinga.

Om ei avgjerd er teken i feil form, har det ingenting å seie for rettsverknadene eller for prøving av avgjerda. Ved bruk av rettsmiddel etter kapittel 8 skal ein følgje reglane for den avgjerda som retten skulle ha brukt.

Endra med lov 11 des 2015 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 11 des 2015 nr. 1445 ).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2015-12-11 · Landbruks- og matdepartementet · 2015-1159
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til jordskiftelova
§ 6-23 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd omvilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, samt sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og andre jordskifteløysingar undervegs i saka som ikkje er nemnde annan stad i leddet hermerking og måling også når dette arbeidet er utsett til etter at saka er avsluttaskjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifterettenreglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tidfordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30sakskostnader etter § 7-6, ogden endelege jordskifteløysinga.