§ 3-37 — endringshistorikk

Jordskiftelova – jskl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 3-37. Sperretid for nytt jordskifte

Det som før har vore under jordskifte etter §§ 3-4 til 3-12 eller etter tidlegare jordskiftelov, kan ikkje takast opp til ny jordskiftebehandling før ti år etter at det førre jordskiftet var rettskraftig avgjort.

Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2 , 3-3 eller 3-18 ikkje var oppfylte. Er vilkåra oppfylte på eit seinare tidspunkt, kan nytt krav om jordskifte takast opp til behandling utan omsyn til tiårsfristen.

Det som før har vore under jordskifte, kan utan hinder av fristen i første ledd takast med i jordskifteområdet når jordskifteretten i ny jordskiftesak utvidar saka etter § 6-9 fjerde ledd.

Første ledd gjeld ikkje når for eksempel skred, elvebrot, anlegg av offentlege vegar og kjøp av tilleggsjord gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Endra med lov 11 des 2015 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 11 des 2015 nr. 1445 ).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2015-12-11 · Landbruks- og matdepartementet · 2015-1159
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til jordskiftelova
§ 3-37 andre ledd første punktum skal lyde:
Ny tekst
Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2, 3-3 eller 3-18 ikkje var oppfylte.