§ 2-3 — endringshistorikk

Havenergilova – havenl

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-3. Utlysing og tildeling av areal

Eitt eller fleire område innanfor eit område som er opna etter § 2-2 , skal som hovudregel lysast ut og tildelast gjennom konkurranse. Departementet kan i særlege tilfelle tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det kan bli kravd vederlag for tildelinga.

Ved utlysinga skal departementet avgjere om tildelinga av eit område skal skje ved auksjon, ved ei vurdering av søkarane på grunnlag av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår eller ved ein kombinasjon. Ved tildeling på ein annan måte enn ved auksjon, fastset departementet storleiken på det eventuelle vederlaget.

Ved tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. Departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.

Den som får tildelt eit område får ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing og å søke om konsesjon etter § 3-1 for produksjonsanlegg innanfor området.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for tildeling av område etter denne paragrafen.

Føyd til med lov 16 des 2022 nr. 96 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 16 des 2022 nr. 2246 ).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2022-12-16 · Olje- og energidepartementet · 2022-1634
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringslov til havenergilova
I lov 4. juni 2010 nr. 21 om fornybar energiproduksjon til havs skal ny § 2-3 lyde:
Ny tekst
§ 2-3.Utlysing og tildeling av areal
Eitt eller fleire område innanfor eit område som er opna etter § 2-2, skal som hovudregel lysast ut og tildelast gjennom konkurranse. Departementet kan i særlege tilfelle tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det kan bli kravd vederlag for tildelinga.