§ 7-9 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 7-9. Behandling av personopplysningar og unntak frå teieplikt

Skolar kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn dei personopplysningane frå andre skolar som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.

Vidaregåande skolar kan hente inn dei personopplysningane frå grunnskolar som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring og førebyggje fråvær frå opplæringa.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det. Ved skolebyte skal skolen dele personopplysningar som er nødvendige for å førebyggje oppførsel som i vesentleg grad går utover skolemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette.

Behandlinga av personopplysningar etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 .

Departementet kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, bruk av automatiserte avgjerder, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Utlevering av opplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

Tilføyd ved lov 11 juni 2021 nr. 80 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899 ), endra ved lover 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ), 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137 ).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0636
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2026-06-19, Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova og barnehageloven mv.
§ 7-9 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det. Ved skolebyte skal skolen dele personopplysningar som er nødvendige for å førebyggje oppførsel som i vesentleg grad går utover skolemiljøet til medelevane eller arbeidsmiljøet til dei tilsette.
Publisert 2021-06-25 · Kunnskapsdepartementet · 2021-1249
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2021-06-25
Kunngjøring av beriktiget versjon av endringslov til opplæringslova, friskolelova og barnehageloven
Ny § 7-9 skal lyde:
Ny tekst
§ 7-9.Behandling av personopplysningar
Skolar kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Kommunar og fylkeskommunar kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring og retten til dokumentasjon på opplæringa.
Vidaregåande skolar kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring og førebygge fråvær i opplæringa.
Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.
Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Departementet kan gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder, vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.
Publisert 2021-06-11 · Kunnskapsdepartementet · 2021-0874
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova, friskolelova og barnehageloven