§ 7-4 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 7-4. Plikt til å melde frå til barnevernet

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald

a. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt b. når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring c. når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar d. når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysninger etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4 .

Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 20 apr 2018 nr. 5 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 8 juni 2018 nr. 839 ), 11 juni 2021 nr. 78 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871 , endring endra ved lov 10 juni 2022 nr. 39 ), 18 juni 2021 nr. 97 (i kraft 1 jan 2023 iflg. res. 14 okt 2022 nr. 1739 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ), 20 juni 2025 nr. 39 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2711 ).

Endringer

5 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-06-20 · Barne- og familiedepartementet · 2025-0662
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til barnevernsloven mv.
§ 7-4 andre ledd bokstav c skal lyde:
Ny tekst
når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar
Publisert 2021-06-18 · Barne- og familiedepartementet · 2021-1039
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Barnevernsloven
§ 7-4 skal lyde:
Ny tekst
§ 7-4.Opplysningsplikt til barnevernet
Tilsette i skolen skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Tilsette i skolen skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphaldnår det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling,når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorlege eller gjentatte brotsverk, problematisk bruk av rusmiddeler eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
Publisert 2021-06-11 · Kunnskapsdepartementet · 2021-0943
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator)
§ 7-4 skal lyde:
Ny tekst
§ 7-4.Opplysningsplikt til barnevernet
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, og tilsette i skolefritidsordningar i friskolar skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, og tilsette i skolefritidsordningar i friskolar, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barneverntenesta utan ugrunna opphaldnår det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.
Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernloven § 6-4.
Publisert 2018-04-20 · Barne- og likestillingsdepartementet · 2018-0207
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre)
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar skal § 7-4 lyde:
Ny tekst
§ 7-4.Opplysningsplikt til barnevernet
Tilsette i skolen skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.
Tilsette i skolen skal utan hinder av teieplikta melde frå til barneverntenesta utan ugrunna opphaldnår det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.
Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernloven § 6-4.
Publisert 2007-06-29 · Kunnskapsdepartementet · 2007-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 7-4 andre ledd skal lyde:
Ny tekst
Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. barnevernloven §§ 4-10 til 4-12, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre barnevernloven, skal personalet gi slike opplysningar.