§ 6-3 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 6-3. Krav til bruken av offentlege tilskot og skolepengar

Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan

a. gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift eller om drifta blir nedlagd b. pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhører skolens eigarar eller deira nærståande eller på anna måte pådra seg kostnader som kan innebere at alle offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.

Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.

Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden.

Tilføyd ved lov 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701 ).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2015-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2015-0549
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova mv.
§ 6-3 annet ledd og nytt tredje ledd skal lyde:
Ny tekst
Departementet kan gi nærare forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.
Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at første ledd er oppfylt og skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av vilkåra i marknaden.
Publisert 2004-11-26 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2004-1221
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2004-12-01
Endringslov til friskolelova
§ 6-3 skal lyde:
Ny tekst
Offentleg tilskot til frittståande vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette gjeld likevel ikkje skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.For vidaregåande skolar som er godkjende etter § 2-2, blir 85 % av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.Godkjende norske vidaregåande skolar i utlandet får statstilskot med 85 % av ein normalsats pr. elev. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrifter.
Publisert 2003-07-04 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2003-0630
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2003-10-01
Friskolelova
Nåværende § 6-3 Offentleg tilskot til kompletterande undervisning og skolepengar, blir § 6-5.