§ 5-1 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 5-1. Styret

Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.

Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:

a. ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole, b. ein representant frå elevane, c. ein representant frå foreldra i grunnskolar, d. ein representant for undervisningspersonalet ved skolen, e. ein representant for andre tilsette ved skolen, f. dagleg leiar av skolen.

Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.

Ved behandling av saker der det gjeld lovfesta teieplikt, skal styret sørgje for at personar under 18 år med møterett forlet møtet.

Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ).

Endringer

2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2007-06-29 · Kunnskapsdepartementet · 2007-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 5-1 skal lyde:
Ny tekst
§ 5-1.Styret
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,ein representant for andre tilsette ved skolen,dagleg leiar av skolen.
Departementet kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre ledd.
Ved handsaming av saker der det gjeld teieplikt etter lov og forskrift, skal styret sørgje for at personar med møterett som er under aldersgrensa for å vere myndige, må forlate møtet.
Publisert 2004-11-26 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2004-1221
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2004-12-01
Endringslov til friskolelova
§ 5-1 første ledd skal lyde:
Ny tekst
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne tilført protokollen, har:ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande skole,ein representant for elevrådet ved skolar som har slikt råd,ein representant frå foreldrerådet ved skolar som har slikt råd,ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,ein representant for andre tilsette ved skolen,dagleg leiar av skolen.