§ 4-3 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 4-3. Politiattest og forbod mot tilsetjing

Skolen skal krevje politiattest av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen, i leksehjelpa eller i skoleliknande aktivitetstilbod.

Skolen kan krevje politiattest av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje kontakt personen skal ha med elevar.

Skolen kan krevje politiattest av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.

Politiattesten skal innehalde dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset. I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar for brot på straffeloven (2005) §§ 251 , 252 , 253 , 254 , 255 , 256 , 263 , 264 , 272 , 273 , 284 og 285 , straffeloven (1902) §§ 222 , 223 , 227 , 228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse §§ 1 og 2 . Merknader om reaksjonar for brot på desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med politiregisterloven § 40 .

Personar som er dømde for eller har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde i første ledd.

Dersom politiattesten inneheld merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast, ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnd i første ledd.

Departementet gir forskrift om politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av politiattest.

Endra ved lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 660 ), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639 ), 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ).

Endringer

5 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2019-06-21 · Kunnskapsdepartementet · 2019-0443
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m.
§ 4-3 overskrifta skal lyde:
Ny tekst
§ 4-3.Politiattest og forbod mot tilsetjing.
Publisert 2019-06-21 · Kunnskapsdepartementet · 2019-0443
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m.
§ 4-3 tredje ledd første punktum skal lyde:
Ny tekst
Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e.
Publisert 2011-06-24 · Kunnskapsdepartementet · 2011-0418
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova og privatskolelova
§ 4-3 skal lyde:
Ny tekst
§ 4-3.Politiattest
Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i vidaregåande skole eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald som er nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd. Kravet gjeld også for personar som skal tilsetjast fast eller mellombels i skoleliknande aktivitetstilbod. Skoleliknande aktivitetstilbod vil seie aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting til skolen, og som har karakter av opplæring.
Skolen kan også krevje politiattest som nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd av andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen, i vidaregåande skole eller i tilbod etter første ledd.
Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e. I andre tilfelle må konsekvensane av merknader på politiattesten vurderast konkret.
Departementet gir nærmare forskrifter.
Publisert 2007-06-29 · Kunnskapsdepartementet · 2007-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 4-3 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Departementet kan gi nærare forskrift.
Publisert 2005-06-17 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2005-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova og friskolelova
§ 4-3 nytt tredje ledd skal lyde:
Ny tekst
Den som skal tilsetjast i ein vidaregåande skole godkjend etter lova her, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkomande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep.
§ 4-3 noverande tredje ledd blir fjerde ledd.