§ 3-7 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 3-7. Rett til skyss, reisefølgje og tilsyn

Elevar i private grunnskolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 4-1 og rett til reisefølgje og tilsyn etter reglane i opplæringslova § 4-2 . Opplæringslova § 4-3 første, andre og tredje ledd gjeld for elevar i private grunnskolar. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur.

Elevar i private vidaregåande skolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova § 9-1 om skyss for elevar i vidaregåande skole og § 9-2 om reisefølgje og tilsyn for elevar i vidaregåande skole. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.

Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 28-7 . Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss.

Reglane gjeld ikkje for elevar ved norske skolar i utlandet.

Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ), 20 juni 2025 nr. 98 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1091 ).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-06-20 · Kunnskapsdepartementet · 2025-0542
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova, privatskolelova og barnehageloven
§ 3-7 tredje ledd skal lyde:
Ny tekst
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 28-7. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss.
Publisert 2007-06-29 · Kunnskapsdepartementet · 2007-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 3-7 skal lyde
Ny tekst
§ 3-7.Skyss m.m.
Elevane har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7-1 første og andre ledd om skyss i grunnskolen, § 7-2 første ledd om skyss i den vidaregåande skolen, § 7-3 om skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke og § 7-4 om reisefølgje og tilsyn. Retten til skyss, reisefølgje og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. For elevar i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven bur.
Heimkommunen eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter etter reglane i opplæringslova § 13-4. Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale vedtak om skyss i grunnskolen. Heimfylket er klageinstans ved klage på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Departementet kan gi forskrift om skoleskyss og skyssgodtgjersle, og om at skyssbehovet til elevane i vidaregåande skolar i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.
Føresegna gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne, og for elevar ved norske skolar i utlandet.
Publisert 2004-11-26 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2004-1221
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2004-12-01
Endringslov til friskolelova
§ 3-7 femte ledd skal lyde:
Ny tekst
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje opplæringstilbod som er spesielt organisert for vaksne.
§ 4-2 endres slik:
§ 4-2 andre ledd blir § 6A-4 første ledd. Nåværende tredje og fjerde ledd blir andre og tredje ledd.