§ 3-3 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 3-3. Skolegangen

Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend.

Opplæringslova § 2-2 tredje ledd om heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og § 2-4 om utsett og tidleg skolestart gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.

Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10 .

Opplæringslova § 5-5 om omval gjeld for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.

Endra ved lover 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011 iflg. res. 24 juni 2011 nr. 639 ), 24 apr 2015 nr. 23 , 21 juni 2019 nr. 60 (ikr. 1 aug 2019 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 778 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ).

Endringer

3 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2015-04-24 · Kunnskapsdepartementet · 2015-0285
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2015-04-24
Endringslov til opplæringslova og privatskolelova
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal § 3-3 første ledd lyde:
Ny tekst
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Ein grunnskoleelev kan i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.
Publisert 2011-06-24 · Kunnskapsdepartementet · 2011-0418
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslova og privatskolelova
§ 3-3 fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval og § 3-1 femte ledd om opplæring i inntil to år ekstra gjeld tilsvarande så langt dei passar for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.
Publisert 2007-06-29 · Kunnskapsdepartementet · 2007-0482
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 3-3 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Ny tekst
Ein elev som har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 3-1 fjerde ledd om omval gjeld tilsvarande for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket gjer vedtak.