§ 3-15 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 3-15. Forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet

Elevar skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring. Det same gjeld når dei deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.

Tilsette i skolen skal ikkje bruke plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er saman med elevane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga og leksehjelpordninga.

Forbodet gjeld ikkje tildekking av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking som tener pedagogiske eller sosiale føremål.

Tilføyd ved lov 22 juni 2018 nr. 85 (ikr. 1 aug 2018 iflg. res. 22 juni 2018 nr. 946 ), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ).

Endringer

1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2018-06-22 · Kunnskapsdepartementet · 2018-0509
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen fastset Dato er ikke avklart her.
Endringer i opplæringslova
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar skal ny § 3-15 lyde:
Ny tekst
§ 3-15.Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansikteti undervisninga og vurderingssituasjonarpå turar og arrangement i regi av skolennår skoleeigaren tilbyr leksehjelpi skolefritidsordninga
Forbodet i første ledd gjeld ikkje dersom bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.
Ved brot på forbodet i første ledd kan det nyttast reaksjonar som følgjer av ordensreglementet til skolen.
Dei som underviser på skolen, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane, med mindre bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Dersom nokon bruker klesplagg i strid med forbodet, skal styret gi personen pålegg om å ta bort plagget. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.