§ 2-1 — endringshistorikk

Privatskolelova – prskol

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-1. Godkjenning av skolar

Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.

Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:

a. livssyn b. anerkjend pedagogisk retning c. internasjonalt d. særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett e. norsk grunnskoleopplæring i utlandet f. særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov g. vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag.

For å få godkjenning på grunnlag av livssyn etter andre ledd bokstav a skal skolen ha ei tilknyting til livssynet det blir søkt om godkjenning på grunnlag av.

Med særskild tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.

Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.

Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.

Krava i andre ledd om eit særskilt grunnlag gjeld likevel ikkje allereie godkjende skolar som var i drift innan utgangen av 2007. Departementet kan berre godkjenne nødvendige driftsendringar ved skolar som ikkje oppfyller krava i andre ledd.

Departementet kan gi forskrift om fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar.

Endra ved lover 4 juli 2003 nr. 85 (ikr. 1 okt 2003), 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 9 juni 2006 nr. 17 , 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757 ), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 juli 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582 ), 20 juni 2014 nr. 53 , 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701 ), 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710 ), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997 ), 9 juni 2023 nr. 31 (i kraft 1 aug 2023 iflg. res. 9 juni 2023 nr. 825 ), 14 juni 2024 nr. 34 (i kraft 1 juli 2024 iflg. res. 14 juni 2024 nr. 954 ), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028 ), 19 juni 2026 nr. 58 (i kraft 19 juni 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1133 ).

Endringer

15 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0641
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal § 2-1 tredje ledd lyde:
Ny tekst
For å få godkjenning på grunnlag av livssyn etter andre ledd bokstav a skal skolen ha ei tilknyting til livssynet det blir søkt om godkjenning på grunnlag av.
Publisert 2026-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0641
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova
Nåværende § 2-1 tredje til syvende ledd blir fjerde til nytt åttende ledd.
Publisert 2024-06-14 · Kunnskapsdepartementet · 2024-0564
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova
§ 2-1 andre ledd bokstav f skal lyde:
Ny tekst
særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
Publisert 2023-06-09 · Kunnskapsdepartementet · 2023-0500
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova
§ 2-1 første ledd femte og nytt sjette punktum skal lyde:
Ny tekst
Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.
Publisert 2022-06-10 · Kunnskapsdepartementet · 2022-0730
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 2-1 første ledd første punktum skal lyde:
Ny tekst
Departementet kan godkjenne private skolar og driftsendringar ved godkjende private skolar.
Publisert 2022-06-10 · Kunnskapsdepartementet · 2022-0730
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 2-1 andre ledd bokstav g skal lyde:
Ny tekst
Vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag.
Publisert 2022-06-10 · Kunnskapsdepartementet · 2022-0730
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 2-1 andre ledd bokstav h og i oppheves.
Publisert 2022-06-10 · Kunnskapsdepartementet · 2022-0730
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til friskolelova
§ 2-1 sjuende ledd skal lyde:
Ny tekst
Departementet kan gi forskrift om fristar i samband med søknader om godkjenning av private skolar.
Publisert 2020-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2020-0894
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til folkehøyskoleloven, barnehageloven og voksenopplæringsloven m.m.
§ 2-1 andre ledd bokstav g skal lyde:
Ny tekst
vidaregåande opplæring i verneverdige tradisjonshandverksfag
Publisert 2015-06-19 · Kunnskapsdepartementet · 2015-0549
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer Dato er ikke avklart her.
Endringslov til privatskolelova mv.
§ 2-1 skal lyde:
Ny tekst
§ 2-1.Godkjenning av skolar
Departementet kan godkjenne frittståande skolar og driftsendringar ved godkjende frittståande skolar. Departementet kan godkjenne at ein grunnskole flyttar verksemda si til ein annan kommune eller at ein vidaregåande skole flyttar verksemda si til ein annan fylkeskommune. Ein skole skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skoletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skolen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klage på departementet sitt vedtak. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:livssynanerkjend pedagogisk retninginternasjonaltsærskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrettnorsk grunnskoleopplæring i utlandetsærskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemmavidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfagvidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogramsærskilt profil
Med særskild tilrettelagt vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d, er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1. Toppidrett på første årstrinn i vidaregåande opplæring kan vere programfaget toppidrett eller toppidrett etter eigen læreplan som er godkjend av departementet. Skolane må tilby toppidrett som eit programfag på vidaregåande trinn 2 og 3.
Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dette kravet gjeld likevel ikkje internasjonale skolar. Viktige dokument om verksemda etter lova skal i alle høve vere tilgjengelege på norsk eller samisk.
Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si etter lova i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart…
Publisert 2014-06-20 · Kunnskapsdepartementet · 2014-0511
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2014-06-20
Endringslov til privatskolelova
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal § 2-1 nytt tredje ledd lyde:
Ny tekst
Departementet kan i særskilde tilfelle gi godkjenning til private skolar som ikkje fyller kravet om grunnlag i andre ledd.
Publisert 2012-06-22 · Kunnskapsdepartementet · 2012-0447
Ikrafttredelse i kunngjøringen: Kongen bestemmer. Dato er ikke avklart her.
Endringslov til opplæringslovene
§ 2-1 andre ledd skal lyde:
Ny tekst
Skolane skal drive verksemda si på følgjande grunnlag:religiøstanerkjend pedagogisk retninginternasjonaltsærskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrettnorsk grunnskoleopplæring i utlandetsærskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemmavidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag.
Publisert 2006-06-09 · Kunnskapsdepartementet · 2006-0426
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2006-06-09
Endringslov til friskolel. og fagskolel.
§ 2-1 første til tredje ledd skal lyde:
Ny tekst
Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande grunnskolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova.
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyller krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk, dette gjeld likevel ikkje internasjonale skolar.
Høvet til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer for vertskommunen. Vertskommunen skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.
Publisert 2004-11-26 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2004-1221
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2004-12-01
Endringslov til friskolelova
§ 2-1 nytt sjette ledd skal lyde:
Ny tekst
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar i samband med søknad om godkjenning av ein frittståande grunnskole.
Publisert 2003-07-04 · Utdannings- og forskningsdepartementet · 2003-0630
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2003-10-01
Friskolelova
§ 2-1 Godkjenning av grunnskolar fjerde og femte ledd skal lyde:
Ny tekst
Skolen må være registrert i Einingsregisteret, jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.
For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring, tek fjerde ledd til å gjelde frå det tidspunktet departementet fastset.