Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Undervisningsspråket ved Høgskulen på Vestlandet er norsk. Det kan gjerast unntak dersom det ligg føre faglege grunnar, jf. universitets- og høyskoleloven § 2-3 tredje ledd . Unntak kan vere varige, til dømes der dei faglege grunnane knyter seg til innhaldet i faget. Dette kan vere at studiet inneber opplæring i framandspråk eller primært rettar seg mot internasjonale studentar. Unntak kan også vere mellombelse, til dømes dersom det ikkje er tilgang på norskspråklege undervisarar med den naudsynte fagkompetansen.
(2) Dersom faglege grunnar tilseier det, kan dekan fastsetje at undervisningsspråket i heile eller delar av eit emne skal vere engelsk eller eit anna skandinavisk språk enn norsk. Dersom undervisningsspråket ikkje er norsk, skal det informerast om det så tidleg som mogeleg.
Endra ved forskrift 10 aug 2026 nr. 1624 (tidlegare § 8-5).
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.