§ 2-5 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-5. Opptaksgrunnlag praktisk-pedagogisk utdanning

(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning , i tillegg til krav som går fram av studieplanen.

(2) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13 , i tillegg til krav som går fram av studieplanen.

(3) Det er berre mogleg å få opptak til éin didaktisk fagprofil.

(4) Yrkesfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-Y) har følgjande alternative opptaksgrunnlag:

a. profesjonsretta bachelorgrad og minimum to års relevant yrkespraksis, eller b. fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, minst to års yrkesteoretisk utdanning og fire års relevant yrkespraksis.

(5) Allmennfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-A) har følgjande alternative opptaksgrunnlag

a. ein mastergrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12 eller b. ein bachelorgrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12 , og minst to års relevant arbeidserfaring frå grunnskulen eller den vidaregåande skulen, eller c. ein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, eller d. ein bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan bli erstatta av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Andre fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden, eller e. ein bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden.

(6) Søkjarar som har bachelor grad og arbeidserfaring etter femte ledd, punkt b, eller ein bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd, punkt d, kan kvalifisere til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang til studium med oppstart våren 2030.

Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990 .

Endringer

4 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-5 første ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-5 andre ledd skal lyde:
Ny tekst
(2) For opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag gjeld minstekrav for opptak bestemt i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13, i tillegg til krav som går fram av studieplanen.
Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-5 femte ledd skal lyde:
Ny tekst
(5) Allmennfagleg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-A) har følgjande alternative opptaksgrunnlagein mastergrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12 ellerein bachelorgrad og minst eitt relevant fag, i eller i tillegg til graden, som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa kapittel 12, og minst to års relevant arbeidserfaring frå grunnskulen eller den vidaregåande skulen, ellerein bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget, ellerein bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan bli erstatta av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Andre fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden, ellerein bachelorgrad i teiknspråk og tolking (døvetolkutdanning), med minst 80 studiepoeng i teiknspråk. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden.
Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-5 sjette ledd skal lyde:
Ny tekst
(6) Søkjarar som har bachelor grad og arbeidserfaring etter femte ledd, punkt b, eller ein bachelorgrad i praktiske og estetiske fag etter femte ledd, punkt d, kan kvalifisere til opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for siste gang til studium med oppstart våren 2030.