§ 2-1 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 2-1. Generelle føresegner

(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Høgskulen på Vestlandet er generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning .

(2) Søkjarar med utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning , jf. § 2-2 andre ledd for å kvalifisere for opptak til studium som gjev studiepoeng.

(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd .

(4) Søkjarar til engelskspråklege vidare- eller mastergradsutdanningar som har utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere engelskkunnskap på høgare nivå med eitt av følgjande alternativ:

a. Engelsk frå Vg1 i norsk vidaregåande skule (140 årstimar) med karakteren 4 eller betre. b. International English Language Testing Service (IELTS) med minst 6.0 poeng. c. Test of English as a Foreign Language (TOEFL) med minst 550 poeng for Paper-based test (PBT), minst 213 poeng for Computer-based test (CBT), eller minst 80 poeng for Internet-based test (IBT). d. Pearson PTE Academic med minimum 59 poeng. e. Cambridge English Examinations med testene B2 First med resultatet B eller bedre, eller C1 Advanced med resultatet C eller bedre, eller C2 Proficiency med resultatet C eller bedre. f. Annan dokumentasjon kan godkjennast etter individuell vurdering. g. Unntak frå kravet for enkeltstudium eller emne kan fastsetjast av styret i studieplan eller emneplan.

(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning .

(6) Der studium har opptakskrav om praksis, blir praksis rekna frå same dato som søkjar fekk autorisasjonen sin. Ved yrke utan autorisasjon, blir praksis rekna frå den datoen søkjar har fullført kvalifiserande utdanning.

Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990 .

Endringer

2 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-1 tredje ledd skal lyde:
Ny tekst
(3) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til engelskspråklege studieprogram, og studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram, jf. forskrift om opptak til høgare utdanning § 2-2 sjuande ledd.
Publisert 2026-01-22 · Kunnskapsdepartementet · 2026-0066
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-11-20
Forskrift om endring i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet
§ 2-1 femte ledd skal lyde:
Ny tekst
(5) Styret kan i studieplan eller emneplan fastsetje spesielle opptakskrav til studium som ikkje vert omfatta av forskrift om opptak til høgare utdanning.