§ 9-1 — endringshistorikk

Forskrift om opptak til høgare utdanning

Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)

Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.

Gjeldende tekst — § 9-1. Generell studiekompetanse etter tidlegare ordningar

(1) Generell studiekompetanse har søkjarar som i samsvar med Reform 94 har bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VKI og VKII, eller som har bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev eller er 23/5-søkjarar, og som har desse faga, bestått med karakteren 2 eller betre, frå vidaregåande opplæring (Reform 94):

Faga er oppgitt med gjennomsnittleg veketimetal i parentes.

(2) For søkjarar som har lese norsk og samisk med høvesvis (11) + (11) veketimar, gjeld ikkje kravet om 14 veketimar norsk.

(3) Søkjarar som har bestått 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, oppfyller krava til generell studiekompetanse. Søkjarar med bestått 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, eller 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse ved opptak til utdanningar som nemnt i § 3-4 , § 3-10 og § 3-12 .

(4) Søkjarar som har fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring, studieretning for allmenne fag eller studieretning for handels- og kontorfag, har generell studiekompetanse. Tilsvarande gjeld for søkjarar som har bestått eksamen artium eller eksamen frå økonomisk gymnas.

(5) Grunnkurs, VKI og VKII i studieretning for handels- og kontorfag med bestått i faga norsk, matematikk, rekneskapslære, engelsk, sosialøkonomi og organisasjonslære, svarer til fagkrava i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag.

(6) Søkjarar som våren 1992 eller tidlegare har teke eksamen eller delprøver i samfunnsfag ved studieretning for allmenne fag, får godkjent 5 veketimar. Dette kan omfatte geografi, historie og samfunnslære eller samfunnskunnskap.

(7) Søkjarar som før 1. juni 1997 er tekne opp til eller kan dokumentere å ha fått ei vurdering av opptaksgrunnlaget sitt ved eit universitet eller ein vitskapleg høgskole på grunnlag av anna høveleg utdanning (tidlegare Veg I-, II- og III-vurderingar), eller som er tekne opp med heimel i § 4 bokstav b punkt 20 i tidlegare forskrift 12. desember 1991 nr. 812 om opptak til regionale høyskoler, har generell studiekompetanse.

(8) Søkjarar som er tekne opp før 1. juli 1997, og som har fullført og bestått eit studium i høgare utdanning normert til minst 60 studiepoeng eller to studium normerte til minst 30 studiepoeng, har generell studiekompetanse.

(9) For søkjarar med 3-årig vidaregåande opplæring frå Oslo By Steinerskole til og med 2004 og frå andre Rudolf Steinerskolar til og med 2005, gjeld at det skal vurderast individuelt om dei fyller krava til generell studiekompetanse.

(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av opplæringsforskrifta § 23-5 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.

(11) Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten») avlagt før hausten 2009, med minimum 450 poeng på skriftleg del og 500 poeng på munnleg del, fyller krava til dokumentasjon på kunnskapar i norsk etter § 2-2 andre ledd.

Endra ved forskrifter 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), 29 mai 2020 nr. 1132 (i kraft 15 juni 2020), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 19 des 2023 nr. 2223 , 19 des 2024 nr. 3488 , 16 jan 2025 nr. 42 .

Endringer

6 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.

Publisert 2025-01-17 · Kunnskapsdepartementet · 2025-0047
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2025-01-16
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 9-1 tiande ledd skal lyde:
Ny tekst
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av opplæringsforskrifta § 23-5 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
Publisert 2024-12-30 · Kunnskapsdepartementet · 2024-1579
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2024-12-19
Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 9-1 tiande ledd skal lyde:
Ny tekst
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av forskrift til opplæringsforskrifta § 23-5 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
Vedlegg I og II erstattast av vedlagde dokument.
Krav til generell studiekompetanse for søkjarar med utanlandsk utdanning er sett saman av eit utdanningskrav og to språkkrav: norsk og engelsk. Utdanningskravet og oversikt over om ein dekkjer språkkrav er angitt i lista nedanfor.
Utdanningskravet er vitnemål frå vidaregåande skule, og for fleire land er det krav om høgare utdanning i tillegg.
Alle med utanlandsk utdanning må også dekkje språkkrava i norsk og engelsk med ein eksamen/prøve, jf. § 2-2 (2). Nokre fag/eksamenar frå vidaregåande skule kan dekke krava i norsk eller engelsk.
Utdanning frå nokre land dekker språkkrav med vitnemål frå vidaregåande skule. Desse landa er oppført med «Dekt» for det aktuelle språkkravet.
Utdanning frå land som ikkje dekker språkkrav med vitnemål frå vidaregåande skule er oppført med «Ikkje dekt» i lista. I disse tilfella må søkjarar bestå ei prøve eller eksamen i norsk eller engelsk, jf. § 2-2 (2). Språkkrava i engelsk og/eller norsk frå nokre av desse landa kan vere dekt om utdanninga inneheld spesifikke kurs/eksamen i engelsk og/eller norsk. Desse tilfella er spesifisert på dei einskilde landa i lista med «engelsk/norsk er dekt med».
Lista er utforma og blir oppdatert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir.) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.LandUtdanningskravEngelskkravNorskkravAfghanistanBaccalauria (Secondary School Certificate) + 1 års universitetsutdanningIkkje dektIkkje dektAlbaniaDëftëse Pjekurie ELLERDiplomë e Maturës Shtetërore frå ca 2006Ikkje dektIkkje dektAlgerieDiplôme du Baccalauréat d’enseignement secondaire/Shahada al-Bakaloria al ta’lim al thanawi + 1 års universitetsutdanning ELLE…
Publisert 2023-12-22 · Kunnskapsdepartementet · 2023-1539
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2023-12-19
Forskrift om endring forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 9-1 sjette og tiande ledd skal lyde:
Ny tekst
(6) Søkjarar som våren 1992 eller tidlegare har teke eksamen eller delprøver i samfunnsfag ved studieretning for allmenne fag, får godkjent 5 veketimar. Dette kan omfatte geografi, historie og samfunnslære eller samfunnskunnskap.
(10) Søkjarar som har dokumentert engelsk med (2 + 2) veketimar frå grunnkurs og VKI i yrkesfagleg studieretning i Reform 94, oppfyller kravet om engelsk 140 timar, jf. føresegner gitt i medhald av forskrift til opplæringslova § 24-11 om korleis fag kan erstatte kvarandre frå Reform 94 til Kunnskapsløftet.
Nytt vedlegg I og II skal lyde:
Krav til generell studiekompetanse for søkarar med utanlandsk utdanning består av eit utdanningskrav og to språkkrav: norsk og engelsk. Utdanningskravet og oversikt over om ein dekker språkkrav er angitt i lista nedanfor.
Utdanningskravet er vitnemål frå vidaregåande skule, og for fleire land er det krav om høgare utdanning i tillegg.
Alle med utanlandsk utdanning må også dekke språkkrava i norsk og engelsk med eksamen/prøve, jf. § 2-2 (2). Enkelte fag/eksamenar frå vidaregåande skule kan dekke krava i norsk eller engelsk.
Utdanning frå enkelte land dekker språkkrav med vitnemål frå vidaregåande skule. Desse landa er oppført med «Dekte» for det aktuelle språkkravet.
Utdanning frå land som ikkje dekker språkkrav med vitnemål frå vidaregåande skule er oppført med «Ikkje dekte» i lista. I desse filfella må søkarar bestå prøve eller eksamen i norsk eller engelsk, jf. § 2-2 (2). Språkkrava i engelsk og/eller norsk frå enkelte av desse landa kan være Dekte hvis utdanninga inneheld spesifikke kurs/eksamen i engelsk og/eller norsk. Desse tilfella er spesifisert på det enkelte land i lista med «engelsk/norsk er Dekte med».
Lista er utforma og oppdaterast av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.AfghanistanBaccalauria (Secondary School Certificate) + 1 års universitetsutdanningIkkje dekteIkkje dekteAlbaniaDëftëse Pjekurie ELLER Diplomë e Maturës Shtetërore fra ca 2006Ik…
Publisert 2021-12-07 · Kunnskapsdepartementet · 2021-1948
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2022-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgare utdanning
§ 9-1 første, tredje og ellevte ledd skal lyde:
Ny tekst
(1) Generell studiekompetanse har søkjarar som i samsvar med Reform 94 har bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, VKI og VKII, eller som har bestått fagopplæring med fagbrev/sveinebrev eller er 23/5-søkjarar, og som har desse faga, bestått med karakteren 2 eller betre, frå vidaregåande opplæring (Reform 94):norsk (14)engelsk (5)matematikk (5)naturfag (5)samfunnsfag (6), som omfattar nyare historie (4) og samfunnslære (2).Faga er oppgitt med gjennomsnittleg veketimetal i parentes.
(3) Søkjarar som har bestått 2-årig teknisk fagskole etter rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, oppfyller krava til generell studiekompetanse. Søkjarar med bestått 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999, eller 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse ved opptak til utdanningar som nemnt i § 3-4, § 3-10 og § 3-12.
(11) Skriftleg og munnleg test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten») avlagt før hausten 2009, med minimum 450 poeng på skriftleg del og 500 poeng på munnleg del, fyller krava til dokumentasjon på kunnskapar i norsk etter § 2-2 andre ledd.
Publisert 2020-12-22 · Kunnskapsdepartementet · 2020-1915
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2021-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 9-1 åttande ledd skal lyde:
Ny tekst
(8) Søkjarar som er tekne opp før 1. juli 1997, og som har fullført og bestått eit studium i høgare utdanning normert til minst 60 studiepoeng eller to studium normerte til minst 30 studiepoeng, har generell studiekompetanse.
Publisert 2019-11-27 · Kunnskapsdepartementet · 2019-0987
Ikrafttredelse i kunngjøringen: 2020-01-01
Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
§ 9-1 nytt ellevte ledd (11) skal lyde:
Ny tekst
(11) Søkjarar som våren 2020 eller tidlegare har utdanning frå International Baccalaureate (IB), og som anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller som oppfyller krava i tredje ledd, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegghar oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), ellerhar oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.