Forskrift om opptak til høgare utdanning
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter normal tid i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Kvoten omfattar òg søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har oppnådd generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag som er fullførte og bestått på normal tid, i tillegg til at dei oppfyller fagkrava i § 2-1 .
(2) Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål skal rangerast på grunnlag av føresegnene i § 7-5 , § 7-8 , § 7-9 eller etter § 7-12 , § 7-13 , § 7-14 .
(3) 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål.
(4) Søkjarar som fyller kriteria for opptak i kvoten for førstegongsvitnemål, men som ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare i ordinær kvote.
(5) Departementet kan frita enkelte studium frå kravet om kvote for førstegongsvitnemål.
Endra ved forskrift 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021).
1 endringsoppføring i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.