Forskrift om opptak til høgare utdanning
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
(1) Det blir gitt 2 tilleggspoeng for enten eit fullført studium eller samla 60 studiepoeng ved universitet eller høgskule eller 60 fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule, eitt år på ein folkehøgskule med godkjend skuledokumentasjon eller fullført militær førstegongsteneste eller sivilteneste.
(2) Eit fullført halvårig studium i høgare utdanning eller fagskule eller 30 studiepoeng/fagskulepoeng/studiepoeng frå fagskule gir 1 tilleggspoeng.
(3) Søkjarar som har generell studiekompetanse med grunnlag i høgare utdanning eller fagskule kan ikkje få tilleggspoeng for denne.
(4) Det kan maksimalt givast 2 tilleggspoeng etter denne føresegna.
Endra ved forskrifter 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018), 23 nov 2018 nr. 1767 (i kraft 1 jan 2019), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022).
4 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.