Kassasystemforskrifta
Les i full lovtekst → · 📡 Atom-feed (siste kunngjøringer)
Automatisk uthentede endringsoppføringer fra Norsk Lovtidend. Datagrunnlaget starter i 2001 og kan ha mangler. Oppføringene viser kildebestemmelser, ikke verifiserte historiske paragrafversjoner eller virkningstidspunkt.
I denne forskrifta tyder
a. kassaskuff: oppbevaringsplass for betalingsmiddel som blir registrert i eit kassasystem, b. kassapunkt: ei eining innan eit kassasystem som kan avslutte eit kontantsal ved å beordre utskrift av ei salskvittering. c. opning av kassaskuff (nullinnslag): integrert kassaskuff opnast utan at det har skjedd nokon registrering av kontantsal eller tilbakebetaling, d. salskvittering: utskrift frå kassasystem som viser gjennomført kontantsalstransaksjon, e. returkvittering: utskrift frå kassasystem som viser at den salskvitteringa som er skrive ut tidlegare inneheld feilaktige opplysningar eller opplysningar om tilbakebetaling for prisjusterte eller returnerte varer eller tenester, f. kopikvittering: kopi av salskvittering, g. foreløpig kvittering: utskrift frå kassasystem som viser foreløpig registrert sal, h. utleveringskvittering: stadfesting av kredittsal, i. treningskvittering: utskrift frå kassasystemet for treningsformål som viser same slags opplysningar som ei salskvittering, j. kvittering frå betalingsterminal: utskrift frå betalingsterminal som viser bruk av betalingskort, k. kontinuerleg bruk: all bruk av kassasystemet, blant anna registrering av sal mv. og utskrift av kvitteringar som nemnt i bokstavane d til h, endring av priser, korreksjonar, opningar av kassaskuff (nullinnslag), utskrift av rapportar og liknande, samt endringar av programvare og førebels tilkopling av ekstern programvare, l. elektronisk journal: dokumentasjon av den kontinuerlege bruken av kassasystemet i elektronisk form, m. Z-rapport: samanstilling av dagens registreringar i kassasystemet, n. X-rapport: samanstilling av registreringar i kassasystemet sidan førre Z-rapport, o. grand total retur: akkumulert verdi av returar og andre postar som har redusert kontantsalet, p. grand total sal: akkumulert kontantsal, utan frådrag av grand total retur, q. grand total netto: grand total sal redusert for grand total retur, r. STEB-kvittering : kopikvittering som skal leggjast i forsegla pose (Security Tamper Evident Bag) ved kjøp av taxfree-varer i lufthavner, s. Integrert betalingsløysing: løysing kor informasjon om salet, beløp mv. sendast frå kassasystemet til betalingsløysinga, betalinga blir registrert automatisk i kassasystemet og betalingsmiddelet er anna enn setlar og myntar.
Endra ved forskrifter 6 juli 2016 nr. 901 , 4 juli 2018 nr. 1128 , 21 sep 2018 nr. 1349 , 4 juli 2018 nr. 1128 (i kraft 1 jan 2019).
6 endringsoppføringer i det behandlede datagrunnlaget. Flere oppføringer kan komme fra samme kunngjøring.